RE:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_E

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 20 Nov 1997 13:59:42 +0100

(Sender dette omatt, det vart visst borte i dei tekniske vanskane.)

Oddmund Garvik har greidd å få til ein liten EU-debatt her på forumet.
Det er bra. At det kjem innvendingar mot det "99,99% av deltakarane"
meiner, gjer at vi må skjerpe argumentasjonen, og det har vi godt av.
(Eg påstår ikkje at det talet stemmer.)

Når årsmøtet i Møre og Romsdal Nei til EU uttala seg, var det først og
fremst for å få fram korleis ein stiller seg til den nye regjeringa.
Ein ventar at ei regjering frå nei-partia skal prøve å legge om
EU-politikken i forhold til den totale innordninga som har vore til no.
(Uttrykket "nei-regjering" vekte mykje diskusjon, og vart derfor
unngått.)

Ei slik forventning stiller ikkje berre krav til regjeringa, men minst
like mykje til oss sjølve. Trur vi at regjeringa har vilje til å legge
om politikken, så må vi styrke EU-motstanden i opinionen slik at
ja-partia må gje regjeringa arbeidsro. Ser vi at regjeringa vaklar i
saka, så må vi styrke nei-tendensen der. Mykje av det praktiske
arbeidet blir det same i begge tilfella, for grunnlaget for å påverke
politikarane må ligge i ein solid opinion. At det no finst to
nei-veljarar for kvar ja-veljar, er eit godt grunnlag, og tvingar
ja-sida til å dempe seg.

Nei-sida er i ein annan situasjon no enn før regjeringsskiftet, og vi
må diskutere grundig korleis vi skal utnytte det til å få gjort noko
med tilpassingspolitikken. Eit paradoks er at dersom vi blir for
flinke, vil ikkje ja-sida nøle med å ta regjeringsmakta tilbake.

Garvik reagerer på avsnittet om grensekontroll av mat. Dette handlar om
å utvide EØS-avtalen slik at mat og levande dyr skal kunne passere
grensene utan veterinærkontroll. Dessverre er det slik at smitte og
sjukdommar også følgjer med når slike varer kryssar grensene. Kontroll
av importen er eit hjelpemiddel til å halde ute ein god del av desse
sjukdommane, som faktisk er ei mykje større plage på kontinentet enn i
Noreg. (I Sverige har det vore som i Noreg, men der har smittepresset
auka sterkt etter EU-medlemskapet.)

Ei spesielt farleg side ved dette er at fleire sjukdomsbakteriar no
utviklar resistens mot antibiotika. Det betyr at sjuke menneske og dyr
ikkje blir friske att med vanleg medisin. Årsaka er ikkje minst
misbruken av antibiotika i dyref=F4r. Fri import av kjøt frå EU kan vere
dobbelt skadeleg: både ved å føre med seg resistente bakteriar hit, og
ved å presse norske bønder til å bruke meir antibiotika.

Fleire opplysningar om mathandel og helse kan ein få frå Den norske
Veterinærforening, som har laga ein heil rapport om saka. Sjå ellers
http://www.vetnett.no/dnv/default.cfm og Klassekampen fredag 14.11.97.

Om EU-saka i det store og heile finst det sjølvsagt ulike motiv blant
folk både på ja- og nei-sidene. For min del kokar det ned til tre
spørsmål:
1. Blir det betre for folk flest å leve i Noreg dersom vi går inn i EU?
2. Blir det betre for folk flest å leve i EU dersom Noreg blir medlem?
3. Blir det betre for folk flest å leve i resten av verda dersom Noreg
blir EU-medlem?

Dersom nokon kan overtyde meg om at svaret er ja på minst eit av
spørsmåla, skal eg ta EU-standpunktet mitt opp til ny vurdering.

Svaret på eit slikt spørsmål heng saman med kva ein legg vekt på, berre
så det er nemnt. Sjølvsagt må levestandard og sosial tryggleik telje
med, men på lang sikt er truleg miljø og maktforhold vel så viktig.

Lars Staurset