Re: Vaksine

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 20 Nov 1997 19:27:55 +0000

Le 20 Nov 97 =E0 12:34, Tom Grydeland a écrit:

> Det betyr imidlertid ikke at skolemedisin som sådan er feilslått.

> "En naturlig plan for forebygging av helse." Den var god.

> Homeopati - den eneste medisinen som ikke hjelper mot annet enn
> tørsten. (beklager, jeg kunne ikke dy meg)

> Den har ihvertfall ikke noe med legeutdanning å gjøre.

> Vil du bruke håndspåleggelse, homeopati eller healing på et brukket
> ben?

> Hvem har fått 6 års utdanning i å kjenne igjen virkningen av
> forskjellige sykdommer/skader osv på menneskekroppen? Du eller
> legen?

> Jeg er glad for alle de vaksinene jeg har fått. Skal jeg til
> fremmede himmelstrøk er jeg likeledes glad for de vaksiner jeg kan
> få på forhånd. --

Og så kjem det ei tirade av "tunge" sitat på engelsk frå forskjellige
kjelder. Heile innlegget er ei blanding av kjappe kommentarar frå ein
kjekkas som trur han har noko å fara med. Eg veit ikkje kven han
prøver å imponere.

Eg meiner ikkje skulemedisinen, og tradisjonell farmakologi har spelt
fallitt. Det ville det vera litt meiningslaust å seia. Men eg er
heller ikkje så forstokka blind og dauv som leegestanden i Noreg ofte
er, at eg harselerer over alternative behandlingsmetodar. Å flire over
bruken av homøopati i særlege tilfelle, er heilt uempirisk, for ikkje
å seia idiotisk. Det finst nok av litteratur og erfaring som
understøttar dette. Sjølv brukar eg homøopati for alt som har med
luftvegssjukdommar å gjera, og eg oppnår mykje raskare resultat, med
mindre plager, enn det eg gjorde då eg gjekk til ein "vanleg" leege,
som automatisk skreiv ut resept på den same blandinga av antibiotika,
anti-inflammatorisk medisin, og sirup.

Eg veit det er populært med karikaturar, men slike karikaturar seier
ofte meir om den som uttalar seg slik. Eg trur det er lurt og vera
audmjuk i høve til menneskekroppen og naturen. Ikkje tru at ein står
over livet, og kan "leege" alt med 6 års utdanning. Eg trur dei
forskjellige behandlingsformene utfyller kvarandre, men det er nok
langt fram til dette går opp for leegestanden og "helsemyndighetene" i
Noreg. Dei lever i den same herlege verda, og svevar høgt over vatna.

I mitt land er homøopati, og andre alternative behandlingsformer
spesialitetar i medisinen. Alle homeopatar t.d. er spesiallækjarar med
homøopati som spesialitet. Ein har eit meir balansert og empirisk syn
på kva som er sjukt og friskt. Og levealderen er som sagt svært høg
her...

Med helsing

Oddmund Garvik