Re: Arne Eriksen og ynksjeavsporinga

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 14 Nov 1997 11:33:34 +0100

I eit tidlegare innlegg skreiv eg mellom anna:

Altso Arne - anten fær du stabla på beina konkrete argument for at Steigan
og andre driv med avsporingar for å hindra endringar - eller so fær du kutta
ut slik mistenkjeleggjering. Og dersom det no viste seg at Steigan faktisk
dreiv
eit slikt spel: Kva meiner du er argumenta for at alle oss andre likevel
ikkje skal
"få lov til" å diskutera slike spørsmål?

Til dette skriv Arne Eriksen:

"Min begrunnede anbefaling om å droppe debatten om selskapsform på det
nåværende tidspunkt, utlegges som et forbud fra min side, et forsøk på å
legge lokk på debatten."

Poenget mitt var jo nettopp at eg ikkje oppfatta dine klåre mistenkeleggjeringar
av Steigan sine motiv for å reisa ordskiftet som "begrunnet" - men meir som
ei ugrunna
mistenkjeleggjering. Til dette med forbod - legg merke til at eg nytta
hermeteikn
rundt formuleringa "få lov til". Eg legg ikkje til grunn at Eriksen har
fullmakter
til å leggja ned ordskifteforbod (og det må eg elles seia meg glad for).

Og so kjem ein ny runddans med logikk eg ikkje forstår meg på:

"Hvis Roar Madsen mener denne debatten er så viktig, hvorfor kommer han ikke
da med et
konkret forslag til ny selskapsform?"

Eg trudde faktisk at ein av dei få tinga som alle partar i KK-ordskiftet var
samde om var at
eigarforholda er viktige. Sjølv meiner eg nok at innhaldet i avisa er det
viktigaste, men det kunne ikkje
falla meg inn å hevda at det var uviktig kven som eig ho. Ut frå denne
tankegangen helsar eg alle
innlegg og idear om eigarstruktur innanfor eller utanfor A/S-struktur
velkomne. Eg har ikkje tenkt alle tankar som
er verdt å tenkja om dette - då er det vel ei ærleg sak å ynskja eit
ordskifte som både kan opplysa meg og andre?
Kvifor har eg so ikkje kome med eigne framlegg? Svar: Eg veit lite om A/S og
andre selskapsformer.
Det er difor eg ynskjer ordskiftet!

Om på Steigan skriv Eriksen:

"Når det gjelder Pål Steigans rolle, så har han deltatt i årevis i dette
forumet og diskutert Klassekampen
stolpe opp og stolpe ned. Han har ikke tidligere fremmet sin aversjon mot
AS-formen, meg bekjent. Men når nå AKP er
på defensiven i en debatt om partiets majoritetsposisjon i eierselskapet, da
vil Pål Steigan heller diskutere
alternative selskapsformer. Den ellers så skarpe Steigan, med sine særdeles
klare standpunkter, ønsker den nye
debatten, men har ikke et klart forslag til ny selskapsform."

Til dette er det å seia at Steigan må få lov til å lufta motførestillingane
sine no, sjølv om Eriksen ikkje har oppfatta
at han har gjort det tidlegare. Han kan jo ha lufta det før utan at Eriksen
har fått det med seg - eller han kan ha endra syn
på dette. Ingen av delane kan UTAN VIDARE avvisast som mindreverdig etisk.
Dersom Eriksen har sterk trong for å tru at AKP er
på defensiven - so gjerne for meg. Kanskje er dei det ogso? Og til slutt det
er lov å vera skarp, ynskja eit ordskifte - men
ikkje ha eit fasttømra klart framlegg. Er det ikkje det? Eller er dette
berre ein rett som andre enn Steigan har. Kva meiner
du om det Eriksen? For meg verkar standpunktet ditt fårleg autoritært - men
kanskje har eg mistydd? Korleis ville du ha reagert
dersom nokon hadde hevda skrive noko slikt som at "Arne Eriksen som elles er
skarp og har markert seg med klåre standpunkt i KK
striden vil sleppa å argumentera imot andre eigarformer enn A/S ved å hindra
at det dukkar opp ordskifte kring dei" - altso
ei klår mistenkjeleggjering av deg. Du ville knapt likt det!

So prøver Eriksen å argumentera for kvifor eit ordskifte om alternativ til
A/S er dumt.

"Å diskutere AKPs tilbaketrekning i Klassekampen med AKP er ingen
søndagsskole. Man ville gjøre Steigan stor urett hvis man
ikke tillegger han store taktiske evner. Min antakelse er at en uoversiktlig
ny debatt om endring av selskapsformen, vil virke
frustrerende og fjerne engasjementet fra debatten om reduksjon av AKPs
dominerende innflytelse over Klassekampen. Så elementær
innsikt i debatteknikk tror jeg at også ledende AKP-ere har."

Tilbaketrekning? Ja, ja.. Elles er dette eit argument som kanskje kunne hatt
noko for seg dersom alle alternativ til A/S nødvendigvis byggjer på at AKP
si rolle ikkje skal reduserast. Er det slik då? Etter ein runde der
KK-opposisjonen har vore sterke i fordømingane sine av
dei praktiske styringsrettslege konsekvensane av eit A/S, skulle ein tru at
dei i det minste var opne for å diskutera slike alternativ.
Vil ikkje dette ordskiftet kunne mobilisera folk som er misnøgde med den
noverande eigarstrukturen?

So ser at Eriksen heilt tilfeldigvis har utnemnd meg og Pål Steigan til
"ledende AKPere." Han om det - men i mitt tilfelle er det
iallfall eit døme på at realitetane er underordna dei krava stridsretorikken
til ei kvar tid stiller.

"Men selve testen på om ledende AKPere mener alvor med sin oppfordring til
diskusjon om ny selskapsform, vil være om de godtar
et forslag til dagsorden om at man *først* kommer fram til en løsning om en
relativ reduksjon av AKPs aksjepost (ved emisjon eller salg av noen av AKPs
aksjer), siden denne debatten har prioritet, *deretter* pålegger det nye
styret å utrede og legge fram forslag for generalforsamlingen forslag om en
eventuell ny selskapsform. Går Roar Madsen med på å løse problemene i denne
rekkefølge? Går Pål Steigan med på dette forslaget til dagsorden
"

Eg har tidlegare skrive at eg ynskjer at AKP skal redusera sine aksjedelar i
Klassekampen. Ettersom KK faktisk er eit A/S er det jo dette
eit breidare eigargrunnlag må tyda solenge annan eigarform ikkje er vedteke.
Dette standpunktet står eg framleis på, sjølv om eg ikkje har
noko reflektert standpunkt om kor langt ned dei bør selja seg. Dette skriv
eg sjølv om Foreningen og Fondet... ikkje akkurat har letta ei slik
nedseljing (slik eg ser det). Er du fornøgd med dette Eriksen - og vil du
framleis hevda at ordskifte om andre eigarformer er negativt?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41