Re: VENSTRESIDAS DAGSAVIS?

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Fri, 03 Oct 1997 21:22:00 +0100

Svein Lund wrote:
>
> Ka vil "venstresideforeninga"?
>
> "Foreningen & fondet for venstresidas dagsavis" blei presentert på fredag.
> Eg har finlese
> plattforma deira og intervjua med representantar for foreninga. Her er mye
> interessant å lese
> både på og mellom linjene, og eg er sikkert ikkje einaste lesaren som står
> igjen med ei mengde
> spørsmål. Derfor vil eg med dette utfordre initiativtakarane til foreninga
> til å gjøre ein del ting
> klarare.
>
Eg prøvde på ein tilleggskomentar til Svein sitt innlegg tidlegare idag,
men det hamna i den private postkassa til Svein. Eg freistar på nytt:

Kristen Nygaard har lenge tala varmt for at KK skal verte ei avis for
alle som stemte nei ved folkeavrøystinga. For å få til dette meiner
(eller i alle fall meinte) han at avisa må skifte namn og endre
formålsparagrafen. Sidan han er ein av frontfigurane no, vil eg ha svar
her eller i avisa på om dette er eit syn foreininga står for.

Det var det eine. Det andre er dette: Dersom avisa sitt ve og vel ligg
foreininga så hardt på hjarta, kvifor ikkje la pengane og diskusjonen om
avisa gå gjennom Klassekampens vener? Nestleiaren i RV seier at ein må
ha noko nytt, men KVIFOR seier ho ikkje. Kan dette tolkast annleis enn
at folka bak fondet ynskjer å byggje opp ein maktstruktur med kapital
for å kunne presse KK ved eit seinare høve?

At fondet dukka opp no, gjer at eg og stiller spørsmål om kor lurt det
er av AKP å gje frå seg eigarskapen til avisa.

Magnar Jarle Olsen