VENSTRESIDAS DAGSAVIS?

Svein Lund (sveilund@online.no)
Sun, 02 Nov 1997 18:02:33 +0100

Ka vil "venstresideforeninga"?

"Foreningen & fondet for venstresidas dagsavis" blei presentert på fredag.
Eg har finlese
plattforma deira og intervjua med representantar for foreninga. Her er mye
interessant å lese
både på og mellom linjene, og eg er sikkert ikkje einaste lesaren som står
igjen med ei mengde
spørsmål. Derfor vil eg med dette utfordre initiativtakarane til foreninga
til å gjøre ein del ting
klarare.

"Redningsaksjon"
Foreninga omtalar seg som ein redningsaksjon. Da må eg spørre, ka er det
Klassekampen skal
reddas frå? Økonomiske vanskar har avisa hatt sidan starten i 1969. Like
lenge har avisa hatt
ein postgirokonto eller fleire der dei som vil støtte opp kan betale inn.
Denne støtten har vore
gitt utan vilkår, men det er altså no ikkje godt nok. Altså må det vere
snakk om ein politisk,
ikkje økonomisk redningsaksjon, men med pengar som pressmiddel. Pengane
skal betalas inn
på eit eige fond og utbetalas til avisa bare dersom redaktøren og styret
gjør det foreninga
ønsker. Dei samme kreftene som i harde ordelag har fordømt styreleiaren for
å blande seg inn
i det som er redaktøren sitt ansvar, nøler no ikkje med å bygge opp ein
økonomisk maktbasis
for å kunne styre avisa sin politikk. Hørte vi noko om redaktørplakaten?
Ka er det så avisa skal reddas frå? Avisa skal reddas frå AKP. Det skal ein
gjøre med eit
signal til AKP at om dokker selger ut aksjene dokkers, så tar vi over dei.
Eg har alltid vore
tilhengar av at AKP skulle selge seg ut, men etter dette initiativet er eg
neimen ikkje så sikker
lenger.
Avisa skal tydeligvis reddas frå Jon Michelet, redaktøren som i motsetning
til forgjengarane
sine frå første augneblink har synt at han ønsker kontakt og dialog med
lesarane, som ikkje har
sett lesarane sitt engasjement for ei betre avis som eit trugsmål, men som
ei utfordring. Avisa
skal reddas frå alle dei journalistane, vikarane og skribentane rundt om i
landet som no
strøymer på og druknar redaktøren med stoff.

Alternativet?
Ka er så foreninga sitt alternativ?
Så langt eg kan sjå er det her snakk om folk som aldri har kritisert den
retninga som avisa
gikk under Sigurd Allern sine siste år i redaktørstolen eller i Paul Bjerke
si regjeringstid. Det
kjem vel klarast fram gjennom at Allern sjølv er ein av initiativtakarane.
Når dei ikkje kritiserte
da, men meiner avisa må bergas no, må vi kunne ha lov å gå ut ifrå at det
dei ønsker å få
tilbake er:
- Ein kulturpolitikk for snevre hyperintellektuelle miljø i Oslo-gryta (Ka
med å invitere anti-
kommunisten Røssaak tilbake?)
- Ei avis der ingen utanom utanriksredaksjonen ser ut over Oslo-gryta.
- Ein redaktør som konsekvent nektar å diskutere med lesarane.
- Er redaksjonell linje for å halde alle avgjerder i Klassekampen sine
styrande organ skjult for
lesarane.
For ka anna er det dokker har mista?

Kem er venstresida?
Klassekampen har dei siste åra kalla seg sjølv "Venstresidas dagsavis".
Alle synas å like eller
i alle fall godta dette omgrepet, etter som Klassekampen er einaste
dagsavisa i Noreg til
venstre for det nybakte uoffisielle regjeringsorganet Nationen. Derimot er
det ikkje semje
blant Klassekampen sine lesarar om ka vi meiner med venstresida. Omgrepet
er høgst uklårt
og har hatt svært mange tolkingar. Eg vil bare nemne nokre få moment:
Mens striden mellom NKP og AKP var på det hardaste for nokre år sidan, sa
begge partia at
dei ikkje rekna det andre til venstresida men til den ekstreme høgresida. I
dag vil dei trulig
godkjenne kvarandre på venstresida.
Anders Ekeland har servert sin enkle versjon av venstresida: SV+RV.
Andre vil legge hovudvekt på fagopposisjonen og ikkje-partipolitiske
organiosasjonar som Nei
til EU, Natur og Ungdom, SOS-Rasisme, Blitz osv når dei tenker på
venstresida. Uansett kan
vi slå fast at det er eit mangslungent omgrep og at venstresida i vid
tyding omfattar ei
mengde forskjellige meiningar og retningar som tildels står i skarp
motstrid til kvarandre.
Her finst ingen skarpe grenser fordi folk og organisasjonar som er
venstreside i ein samanhang
er høgreside i ein annan. Biskopane er eit godt eksempel, dei sto for ein
flyktningepolitikk og
miljøpolitikk klart til venstre for Jagland-regjeringa. Men venstresida? På
andre sida har vi
NATO- og skap-EU-tilhengaren Erik Solheim som sikkert vil rekne seg sjølv
til venstresida.

Ka betyr det å vere ei dagsavis på / av / for denne venstresida?
I KK onsdag 22.10. uttaler Walter Neeven at "... avisa skal kunne bli heile
venstresida si avis,
med tillit frå heile ventresida."
Kristen Nygård har på laurdag servert si utgåve: "Eg har i fleire år meint
at Klassekampen må
bli ei avis for sentrum - venstre i norsk politikk. ... Klassekampen må bli
ei avis for oss som
står for samhalds-Noreg."
Eg ønsker i likheit med Kristen Nygård at Klassekampen skal vere ei avis
som folk frå heile
sentrum-venstre skal lese med stor interesse. Men det store spørsmålet er:
Skal Klassekampen
stå for noko meir enn det som måtte vere å finne av minste felles multiplum
innafor
"sentrum-venstre"? Om einaste målet blir å nå breiast mogleg ut kan
taktikken bli å lenge seg
mot høgre, ettersom det ikkje er nokon utfordrar til venstre for
Klassekampen. Da kan ein
ende med å redigere avisa ut frå hovudmålet å støtte politikken til
sentrumsregjeringa.
Eg veit dette er å tolke dokker i verste meining, men eg gjør det fordi
dokker ikkje har
avgrensa dokker på nokon måte mot slike tolkingar, og i von om å få dokker
å gjøre det klart
kas politisk grunnlag som dokker meiner Klassekampen bør stå på.
Tidligare kulturredaktør Røssaak fikk i lang tid undergrave Klassekampen sin
føremålsparagraf før han endelig slapp katta ut av sekken. Det han ville
var å endre
føremålsparagrafen og avisnamnet og nytte Klassekampen sine ressursar til å
lage ei borgarlig
istaden for ei sosialistisk avis. Eg trur i det lengste at dette ikkje er
målet til dei fleste som står
bak den nye foreninga. Men så lenge dokker ikkje avgrensar dokker mot det,
er eg ikkje trygg.

Klassekampen skal vere ei avis for venstresida, der alle som reknar seg til
venstresida og
mange som ikkje gjør det både finn lesestoff dei treng og likar, og ting
som irriterer dei.
Klassekampen skal vere ei avis der alle på venstresida kan bidra med stoff.
(Kas anna avis
ville brukt 4 sider på Aina Edelmann sin fantastiske artikkel om
matvaresikkerhet?).
Men samtidig skal avisa redigeras etter det grunnsynet som er uttrykt i
føremålsparagrafen,
ein paragraf som visst ikkje kan gjentakas for ofte i disse tider:
Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk med allsidige,
politiske og økonomiske
avsløringer av alle former for utbytting, undertrykking og
miljøødeleggelser, samt inspirere og
bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike
forhold ut fra et
revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.
Kan vi få eit klart svar: Er dokker for eller mot at Klassekampen skal
redigeras etter denne
føremålsparagrafen?

Svein Lund