Trond Andersen har levert her på nettet ei, etter mitt syn, ei god
oppsummering over hendingane den seinare tid. Mange vil nok vere usamd i
den, LAT DEI VERA DET!! - det er deira rett. No må vi konsentrere oss om
det som ligg framfor oss, om alle dei oppgåvene som ventar. Alle vi som
ville at Jon Michelet skulle verta redaktør har no ei FORDØMT PLIKT TIL Å
GJERA VÅRT FOR AT HAN SKAL KUNNE LYKKAST MED DEN OPPGÅVA!
Å nei, eg har ikkje tenkt å prostituera meg for han - ikkje for nokon! Eg
skal lesa avisa med vaktsame auge. Eg skal vera kritisk, men konstruktiv.
Eg skal visa storsinn, men fanden ikkje vera naiv. Eg skal gje ros når eg
meinar ros er fortent.
Jon Michelet har signalisert sin visjon - 100 000 abonnentar. Nokon har
freista latterleggjere dette, peika på det urealistiske i det. Vel, etter
mitt syn og mange andre som arbeidar med strategi og strategi utvikling, er
ikkje realismen i ein visjon det viktige - det viktige er retninga den
gjev. Eit grunnlag for utforming av strategi, mål og handlingsplanar. 100
000 abonnentar er nok ein ambisiøs visjon, men langt mindre ambisiøs enn
Jotuns visjon om "å få pingvinen til å fly" - som skulle signalisere ein
organisasjon i stadig trening og utvikling (det kan vere dei har ein annan
visjon i dag enn då eg vart kjend med denne for nokre år sidan). Poenget
mitt her er ikkje å sei at dette er ein glimrande visjon for Klassekampen,
poenget mitt er at den kan fungere, poenget mitt er at har ein forslag til
Jon om ein betre visjon - ja, så kom med den!
Min draum og mitt håp er at J.M. no utformar, saman med sine medarbeidarar
i Klassekampen ein strategi for korleis avisa skal bli betre, sikrast
økonomisk, nå breiare ut og få fleire lesarar, korleis den skal fungere i
tråd med formålsparagrafen, korleis ein skal ivareta avisas dialog med
lesarane, bidragsytarane, vennene, aksjonærane og styret, korleis forbetre
samarbeidet og arbeidsmiljøet internt i avisa. Kort sagt strategiar på alle
dei områdene som må til for å kunne bringe avisa eit hakk nærmare visjonen
- 100 000 abonnentar.
Gjennom mitt arbeid dei seinare år, i å hjelpe ymse typar verksemder med
innføring av internkontroll systemer, kvalitetssikring og opplæring knytt
til dette, har det slått meg kor ofte eg har møtt på verneombod og leiarar
som har utklippsmappe med artiklar og lesarinnlegg frå avisa Bergens
Tidende. Dei fleste av desse artiklane er skrivne av ei dame, som er
fysioterapeut i Bergen, og som har skreve om arbeidsmedisin og arbeidsmiljø
spørsmål. Mange har fortalt meg at dette stoffet er ein av dei viktigaste
grunnane til at dei har valt å kjøpe denne avisa. Om eg ikkje tek feil er
fleire av desse artiklane no utgjevne i bokform. Eg seier ikkje her at
Klassekampen skal ape etter Bergens Tidende, mitt poeng er å syna korleis
Bergens Tidende på denne måten faktisk har klart å verta eit nyttig reiskap
for mange av sine lesarar. Mitt poeng er at den faktisk på dette området,
som borgarleg avis, fungerer progressivt - der er faktisk ein marknad for
slik kunnskapsformidling, berre nemnar det.
Oppgåver å ta fatt på er mange, mogelegheiter til å lykkast er minst like
mange - no er det viljen og innsatsen til kvar og ein av oss som er det
avgjerande! Trø utanom snarene deira vener, lat oss venda blikket framover!!
Kameratsleg helsing
Olve Steinset