Aksjemajoritet

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Wed, 15 Oct 1997 01:28:05 +0200 (MET DST)

Eg veit ikkje korleis Klassekampen vert under Michelet, det veit ingen,
men eg er optimist og ynskjer han lykke til.

Men kven hadde vorte redaktør om ikkje AKP hadde aksjemajoriteten? Ikkje
Michelet iallfall. Og eit kjapt augnekast på resten av søkjarane, fortel
at det knapt hadde vore utsikt til ein meir folkeleg kurs for avisa med
ein av dei andre i redaktørstolen.

Det eg vil fram til er dette:

Kvifor er det innlysande rett at AKP skal selje seg ned i Klassekampen
etter det vi har opplevd dei siste vekene?

Helsing Finn Sindre Eliassen