VS: Kva meiner aviseigar AKP?

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 8 Jan 1998 11:08:39 +0100

Etter å ha fylgt med her på KK-forum i snart eit halvår, og mest lese alle innlegga i denne tida, kan eg ikkje seia anna enn at eg byrjar bli overtydd om at AKP har teke opp i seg det gamle ordtaket: "Å tala er sylv, men tagnad er gull!". Så kan ein då undra seg over om det er difor dei så sjeldan opnar kjeften, for å proklamera sitt standpunkt, i von om at det som er sjeldan er meir verdt, og gjev større rikdom, enn det som er lett tilgjengeleg. Eller om dei har vortne blyge og hev lita tru på eigne bodskap. Jau då, som i livet elles finnast der unnatak, som til dømes Erik Ness - men, han er Erik Ness og ikkje AKP slik Pål Steigan er Pål Steigan. Det er vist berre desse talskvinnene og talsmennene, som er blitt så forgylte med gull frå den indre demokratiske sentralismen, at dei ikkje lenger korkje kan tala eller skriva - i alle høve ikkje slik at "massane" kan få ta del i rikdomen deira.

Eg skulle ynskje du hadde rett Olav Randen, sjølv om eg er usamd med deg i dine dystre spådommar om avisas framtid, i at berre dei får meir interne studiar av masselinja, basert på Mao og Dimitrov, så vil dei vakna att, kaste av seg gullet, og byrja kommunisera med oss som tykkjer sylv har ein større verdi. Kunnskap ein ikkje finn bryet vert å praktisera gjev ikkje mykje lærdom - eg trur ikkje nokon i AKP manglar denne kunnskapen, derimot er det mykje som tyder på manglande vilje til praksis. Trur du herr Bell vil finna tid til "å kima med klokkene sine" att berre ved å studera meir? At han då vil klara vekka Jorun Gulbrandsen frå dvalen, slik at ho kan nytta den same pedagogikken på "massane", som eg vonar ho gjer bruk av i rolla som lærar - praktisere språket? Må sei eg har vondt for å tru det!

Erik Ness!!! No er det pokker ta meg på tide med eit DIREKTIV også på AKP si oppslagstavle med eigen annonsering om Å DELTA I DEBATT OGSÅ UTANFOR "DET INDRE GEMAKK"!

MHH
Olve Steinset

>
>La oss høyre, AKP
>a) om de meiner at lesarar og vener av avisa bør føre open debatt om henne
>og sjølve vil vere aktørar i denne debatten,
>b) kva for visjonar og planar de har for avisa framover, og
>c) kva syn de har på mine tre framlegg til tiltak for dette vårhalvåret
>(interne studiar av masselinja basert på Mao og Dimitrov og med det som
>skjedde i fjor haust som døme, ein organisert og grundig diskusjon blant
>lesarane om vegen framover og ei eventuell ny generalforsamling med nye
>folk i styret for avisa).
>Føreåt takk for svar!
>
>Olav Randen
>