Kva meiner aviseigar AKP?

Olav Randen (boksmia@online.no)
Thu, 8 Jan 1998 08:39:18 +0100

23.12 la eg eit innlegg inn på Klassekampen-forum der eg a) hevda at ytre
forhold no er slik at det blir vanskeleg å drive ei avis som Klassekampen
dei første åra, og b) skisserte ein del tiltak som majoritetseigar i avisa
AKP bør gå i spissen for for å sikre at avisa skal overleve og utvikle seg.
30.12 stod same innlegget på trykk i avisa.
Dette innlegget har ført til ein livleg debatt med mange aktørar på
Klassekampen-forum og til to motinnlegg i avisa. Det er bra, for det er
gjennom ordskifte og motbør me kjem fram til djupare erkjenning.
Men dei fleste av oss kan berre meine. Me er usikre på om meiningar og
argument har verdi, for berre majoritetseigar i avisa AKP har makt til å
gjere noko. Og dei ytrar ikkje eitt ord. Dei er tause og fjerne bakmenn som
bedriftseigarar dessverre ofte er når folk diskuterer ei verksemd.

La oss høyre, AKP
a) om de meiner at lesarar og vener av avisa bør føre open debatt om henne
og sjølve vil vere aktørar i denne debatten,
b) kva for visjonar og planar de har for avisa framover, og
c) kva syn de har på mine tre framlegg til tiltak for dette vårhalvåret
(interne studiar av masselinja basert på Mao og Dimitrov og med det som
skjedde i fjor haust som døme, ein organisert og grundig diskusjon blant
lesarane om vegen framover og ei eventuell ny generalforsamling med nye
folk i styret for avisa).
Føreåt takk for svar!

Olav Randen