Re:_Klassekampen_i_elektronisk_utgåve

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 18 Dec 1997 20:07:31 +0000

Eg har no fått status som betatestar av den elektroniske utgåva av
Klassekampen. Det var greitt gjort av Jo Ryste, og eg har sendt han
ei personleg takkemelding. All ros til han!

Som eg sa tidlegare kan det nok bli aktuelt å abonnere på dette
opplegget når den tid kjem. Eg har ikkje gitt Klassekampen heilt på
båten, Andresen... ;#)

Eg har nok ein tendens til å hisse meg opp når eg ikkje får klåre
svar, JA eller NEI. Adrenalinen flyt lett i Gallia... Det kan hende
det er litt på kanten av og til, men eg er meir i slekt med Louis de
Funes enn med Bondevik, så de får bera over med meg!

Einkvann sa at eg kunne verka bister her på forumet, og det er nok
ikkje så bra sjølvsagt. Når ein drar på åra, er det vanskeleg å
leggje om stilen. Det må vera for innbarka - eg har alltid vore litt
stor i kjeften. (Og så er det ikkje berre snakk om stil, det er jo i
høgste grad politikk det handlar om).

Problemet med e-postlister er at kommunikasjonen blir fragmentert.
Det er vanskeleg å gi eit fullstendig bilete. Ein møter alle slags
menneske, og kranglar med dei. Over eit glas vin, eller ei øl, hadde
nok sakene ofte sett heilt annleis ut. C'est la vie!

No er eg i så godt humør at AKP kan kjøpe alle aksjane utan at eg
seier eit ord. Alors, profitez, profitez!

Drar bort eit par veker over helga, og seier til alle, frå Tromsø i
nord til Sydney i sør...

God Jul og Godt Nyttår!

Oddmund Garvik