RE: Kritisk journalistikk

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sun, 14 Dec 1997 13:32:20 +-100

Til K. Jackson:

Eg er samd i kritikken mot dekkjinga av AKP-lm, det vart litt mykje "ikke for å bli panegyrisk".

Når det gjeld SOS Rasisme: Dette kan Frode Rønning svara betre på enn eg, men eg vil nevna to ting til vårt forsvar:

1 Då vi freista skriva om saka på førehand, ringde vi like mykje til den sitjande leiinga som vi ringde til kritikarane. Problemet var at den sitjande leiinga sa veldig lite. Dei unnveik spørsmåla eller var sers "korte" på telefonen, er den meldinga eg har fått. Når vi har eit kobbel med påstandar om råtten organisasjonskultur (serleg frå avsett leiar Kjell Børge Øgård) er det sjølvsagt eit problem at dei som er angripne (serleg hovudkasserar Kjell Gunnar Larsen) ikkje går desse påstandane i møte med meir enn maks ein avvisande setning. Då blir det ikkje lett å laga eit oppslag med "likevekt".

2 Klassekampen oppgav feil røystetal ved leiarvalet, vi oppga ein langt mindre margin enn det som var sant. Dette er sjølvsagt heilt på trynet, og det vart retta i avisa dagen etter. Det skjedde fordi journalist Rønning fekk feil svar då han spurte ein som var delegat på møtet, Rønning var altså ikkje til stades under valet sjølv. På den eine sida kan ein seia at han burde ha sjekka meir grundig, på den andre sida kan ein seia at ein må kunna gå ut ifrå at folk er såpass alvorlege at dei syter for å gje nøyaktige svar på eit slikt spørsmål frå ein journalist. Rønning får evt. utdjupa dette meir sjølve.

Eg er heilt samd i at det vil vera til stor skade for avisa dersom vi ikkje framstår som etterettlege. dette gjeld i alle retningar, Høgre, Frp, SOS Rasisme, AKP, SV og kven som helst skal handsamast korrekt. Gjerne kritisk, gjerne med standpunkt, men aldri med medvite juks eller forvrengjing av fakta. Dette er ABC for ei avis som Klassekampen.

Helsing

Magnus E. Marsdal
KLASSEKAMPEN