Re: Gjentar_spørsmål_til_Michelet

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Sat, 13 Dec 1997 13:18:20 +0100 (MET)

On Fri, 12 Dec 1997, Arne Eriksen wrote:

> I den forbindelse, hvor lenge skal Sigurd Allerns og Aksel Nærstads kritikk
> av AKP ligge på redaktørens skrivebord? Innleggene begynner å bli gamle
> og er snart uaktuelle, ...

Eg synest nok Eriksen ser vel myrkt på det. Allern velskrivne perle av eit
lesarbrev - for no å sjå vekk frå Nærstad - vert ikkje så fort forelda.
Men eg forstår godt at Eriksen gjerne ser det på prent i avisa slik at
fleire får lese det. Som vi hugsar gjorde Allern eit politisk poeng -
med uavklara innhald - av at dei få attverande akparane var grå i håret.
Skrive av ein figur som sjølv er snauskalla som eit barn - eller ein
tippoldefar - er det også eit djervt polemisk poeng som får iallfall meg
til å humre.

Eriksen skreiv

> Men kritikken mot AKP vil redaktøren av Klassekampen ennå ikke trykke, til tross for at han
> har gitt et motsatt signal på nettet.
> Hva skal vi tru, Jon Michelet? Hva venter du på? Har du snudd igjen,
> eller har andre snudd deg?

Om Jon M. prentar Allern sitt lesarbrev eller ikkje har eg ingen sterke
kjensler knytt til. Jon M. avgjer den saka.

Men det er noko som skurrar når journalist Eriksen i høve
eit par ikkje prenta lesarbrev i Klassekampen over nettet opptrer som
redaktør i avisa han elskar å hate.

Har journalist Eriksen redaktør Eriksen i magen?

Finn Sindre Eliassen