Re: Som Fanden leser Bibelen

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Mon, 8 Dec 1997 18:58:09 +0000

Le 8 Déc 97 =E0 17:51, Magnar Jarle Olsen a écrit:

> Meiner du verkeleg at "venstresidas avis" ikkje skal ta stilling til
> konfliktar på venstresida? Det var usemje også på venstresida om
> Noreg skulle seie nei til EU; skulle då KK ikkje velje side? Ei slik
> tannlaus, kastratavis er eg ikkje interessert i!

Kven har snakka om "tannlaus kastratavis"? (Er det berre AKP som
framleis har tenner, og pikken på rett plass?) Eg uttala meg kanskje
litt vagt, men dette må sjølvsagt lesast i samanheng med det andre eg
skreiv. Eg meinte, og meiner framleis at "venstresidas dagsavis"
ikkje bør ta partipolitiske omsyn I DET HEILE TEKE, ikkje det grann!
På den andre sida er eg ikkje dummare enn at eg skjønar kor vanskeleg
dette er, all den tid AKP kontrollerer Klassekampen. Men dette låg i
korta. Både redaktøren, og dei som støtta han, forstod vel at AKP
greip inn for å "korrigere" avisa...

Oddmund Garvik