- Pressestøtta blir drastisk redusert, noko som sjølvsagt får
konsekvensar for Klassekampen. Sjå t.d.:
http://www.nettavisen.no/okonomi/17415.html
Skulle det ikkje då vera viktigare enn nokon gong å samle brei støtte
til avisa?
- Den eine avsløringa etter den andre kjem på bordet, og det
blir vanskeleg å løyne at det har vore uregelmessig og svært
diskutabel sakshandsaming i høve til redaktørskiftet. Dette har vore,
og er framleis med på å svekkje omdømet til Klassekampen som avis.
Avisa har ikkje så brei støtte lenger. Kva slag konsekvensar har
dette for abonnement/laussal? Er tala stabile, aukande, eller
minkande? Og kva med inntektene?
- Klassekampen kallar seg framleis "venstresidas dagsavis". Det blir
etter kvart klårt at redaksjonen i Klassekampen slett ikkje er så
uavhengig som nokre vil ha det til. Når eit parti har aksjemajoritet
i ei avis, og når redaksjonen fylgjer direktiva til dette partiet,
eller driv "sjølvsensur" i same lei, har ein alltid kalla det ei
partiavis. Blir det ikkje då litt meiningslaust av AKP å insistere på
full kontroll, og samstundes vilja oppretthalde Klassekampen som
"venstresidas dagsavis"?
- Resultatet av den planlagte aksjeemisjonen våren 1998 kjem til å
avgjere framtida for avisa sin økonomi. Trur leiinga/eigarane av
Klassekampen at mange nok vil kjøpe seg inn i avisa slik stoda no er?
Eg skulle gjerne hatt ein kommentar frå einkvan i AKP-leiinga/styret
i Klassekampen på korleis dei no tenkjer seg framtida. Høyrer dei
signala frå resten av venstresida? Eller tykkjer dei at alt går som
planlagt?
Med helsing
Oddmund Garvik