Re: meet the new boss - same as the old boss

Sigurd Eliassen (sigurde@spjelkavik.vgs.no)
Sun, 30 Nov 1997 21:23:02 GMT

Sun, 30 Nov 1997 05:49:13 PST, kjartan holm :

>Det kunne ha vaert veldig interessant aa faa hoere hva alle Jon
>Michelets vaapendragere, med Trond A. i spissen, mener om at redaktoeren
>ikke toer aa trykke Allerns innlegg. Var det ikke nettopp slike
>avgjoerelser som foerte til stormen mot Bjerke?

Som ein av underskrivarane på oppropet for Michelet - og dermed
sikkert kvalifisert til heidersordet Michelets våpendragar - har eg
ingenting mot å svare på oppmodinga di. (Michelet har sjølv i eit anna
innlegg offentleggjort svaret til Allern).

"Mediaforskar" Allern - og dei nye venene hans - bør snart innsjå at
han faktisk ikkje er redaktør i KK lenger. Han kan såleis ikkje
bestemme kva som skal trykkjast - slik han kunne før han måtte ta sin
hatt og gå. Det har ingenting med ytringsfridomen å gjere å sende
bitre innlegg frå ein gammal, frustrert AKP-redaktør rett i
papirkorga.

Aksel Sandemose skulda norske aviser for å la dagens post gå usortert
til setteriet. Han skreiv ein gong i einmannstidsskriftet "Årstidene"
at debattklimaet ville ha vunne mykje på å kjøpe seg papirkorg - og
bruke henne.

Eg synest difor vi skal gje ros til Michelet fordi han tek
redaktøransvaret sitt på alvor.

mvh
Sigurd Eliassen