Re: debatt

Sigurd Eliassen (sigurde@spjelkavik.vgs.no)
Thu, 27 Nov 1997 08:39:42 GMT

Ons, 26 Nov 1997, skreiv Sigurd Allern:

>AKP har samlet en entusiastisk fjerdedel av sine grånende kadre til

Dersom det er eit viktig politisk poeng å vere grånande - korleis vil
du sjølv tolke det politiske innhaldet i at du sjølv har vore skalla i
mange år allereie? ;-)

>medarbeidere som har brukt store deler av sitt voksne liv til beste for
>avisa og dens lesere.

Det var dei sjølve som valde å slutte - og det gjorde dei friviljug.
Truleg fordi dei kort og godt lenge har vore usamde i
føremålsparagrafen for Klassekampen. Det er tydeleg at den aldrande
Sigurd Allern er vorten sentimental sidan han spelar på slike strengar
i staden for politisk argumentasjon.

>Jo mindre gruppa blir, desto
>sterkere er gjerne kameratenes gjensidige begeistring for egne appeller.

Den gamle, utmelde (?) AKP-kaderen og partiformannen verkar bitter
fordi han ikkje sit ved roret lenger - korkje i partiet eller i avisa.
Kor stor er den "kameratgjengen" du representerer Allern? Er det mange
som har att hår på skallen - og eventuell hårfarge er vel ikkje grå?
;-)

mvh
Sigurd Eliassen