Re: Saklighet og sakprosa

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 26 Nov 1997 09:12:50 +0100

Veit ikkje om denne debatten interesserer publikum lenger, men eg gjer
eit forsøk til.

Karsten Vedel Johansen wrote:
>
> Din måte å svare på viser at du ikke har fått tak i poenget i mitt innlegg.
> Karakteristisk nok er du taus om de prinsipielle betraktningene om sakprosa:
> folk som deg tror at sakprosa = virkelighet, fordi den er tørr/"saklig" ved
> å avstå fra poesiens og fiksjonens virkemidler.

Nei, det trur eg ikkje. Men poesi, fiksjon og sakprosa (og for den saks
skuld retorikk, satire og kraftuttrykk) er til kvar sitt bruk. Dersom
ein ikkje skiller godt nok mellom desse formene, oppstår det forvirring
og diskusjonar om ingenting. På eit debattforum som dette er det
naturleg og ønskeleg (meiner eg) at sakprosaen dominerer.

> Et godt unntak er "Hallo i uken", her kan det læres mye god
> retorikk!

For meg er "Hallo i uken" meir satire enn retorikk, eller kanskje satire
over retorikken. Det er i alle fall det beste programmet NRK lagar. (Kan
laurdagsmagasinet til KK få til noko i den stilen?)

> Men i
> sentrale spørsmål om rett eller galt finnes det ingen midtnormal: det finnes
> ingen midtnormal mellom en tilnærmelsesvis historisk løgn og en
> tilnærmelsesvis historisk sannhet.

Ser du verkeleg alle spørsmål i svart/kvitt? Finst det ikkje nyansar?
Kan ikkje begge partar i ein strid ha litt rett?

> >I den grad dette var mynta på meg, skal eg prøve å skjerpe meg. Men
> >det er litt forskjell på å skrive "halv-offisielt" for Nei til EU og å
> >stå fritt fram med eigne meiningar.
> >Dette må vel for helvete også ein idiot som du Karsten forstå? :-)
>
> Det siste er et contradictio in adjecto: er jeg en idiot, kan jeg vel ikke
> forventes å forstå noe særlig? Det er ok å skjelle meg ut/bruke ironi (om
> ikke annet så som retorisk trening), men det burde skje elegant. Og selv om
> du skriver "halv-offisielt" for dem kan du vel også opptre med egne
> synspunkter uavhengig av det? Eller har de også "demokratisk" sentralisme?

Eg er ikkje så god i latin, men det står faktisk eit elegant smil (:-))
bak utskjellinga. Det er jamgodt med eit vanleg smil, som i klårtekst
betyr: "Dette er ein spøk." (Dette veit sjølvsagt du, Karsten, men
kanskje andre lesarar der ute ikkje kjenner koden...)

Når eg skriv for NTEU, som eg har gjort tallause gonger dei siste åra
(mest i lokalavisene), må eg vere varsam med å blande inn private
meiningar. Det er elementær organisasjonsskikk. Sjølvsagt kan eg meine
og skrive kva eg vil ellers, og det gjer eg her på forumet. Om eg skriv
skarpt nok, kan diskuterast, men eg trur ikkje meir retorikk vil hjelpe
på debattnivået her.

Lars Staurset