RE: Troverdighet - svar til Staurset

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 21 Nov 1997 09:39:48 +0100

Finn Sindre Eliassen skreiv m.a.:

>På den andre sida har nesten mindre respekt for stildomarane på forumet -
>Staurset synest dessverre å vere ein av dei. Sjølvinnsette overdomarar som
>rykkjer ut når ordskiftet vert kvasst.
>
>Pussig nok rykkjer stildomarane aldri ut mot ebbingane, andresenane og dei
>andre korsfararane.
>
>Kven har gjeve deg mandatet, Staurset? Korleis ser mandatet ut i strak
>sakprosa?

Eliassen har sikkert alt gjetta at eg ikkje har noko mandat. Derimot
har eg hatt eit håp - om at debattane her på forumet kunne ha ein blid
og vennleg tone, eller i det minste utan overdriven bruk av skjellsord.

Det håpet har eg ikkje lenger. Frå no av trekkjer eg meg som stildommar.

Lars Staurset