RE:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_E

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 21 Nov 1997 09:23:06 +0100

Etter å ha sitert meg...
>> At det no
>> finst to nei-veljarar for kvar ja-veljar, er eit godt grunnlag, og
>> tvingar ja-sida til å dempe seg.

...skreiv Oddmund Garvik:
>For kvar RV-, eller SV-veljar finst det xxxx andre veljarar. Tvingar
>dette RV og SV til å dempe seg? Det er ein merkeleg logikk du legg for
>dagen her...

Eit massivt fleirtal mot EU-medlemskap er ja-sida varsam med å
utfordre. Dei veit at dette spørsmålet har sprengkraft i norsk
politikk. Det viste ikkje minst stortingsvalet i 1993. Dei kjem neppe
til å ta opp att medlemskapsspørsmålet før dei er rimeleg sikre på å
vinne.

RV og SV er i ein annan situasjon. Dei har sine målgrupper som er
nokonlunde homogene i synet på viktige saker, m.a. EU (trur eg). Men
også for desse partia finst det nok saker som dei helst ikkje vil
diskutere, fordi veljarane deira er splitta.

>Noreg er på god veg inn i EU alt. Om du er så blåøygd at du trur denne
>reaksjonære regjeringa kan hindra det, får bli di eiga sak. Som
>Karsten Vedel Johansen sa: "Norge er bare formelt utenfor EU. Bortsett
>fra det formelle, er vi på alle måter underlagt EUs regime.
>Befolkningen lever i den illusjon at det formelle betyr en masse, og
>denne tro på at den hellige grav er vel forvart, utnytter de norske
>tilhengerne bevisst."

Dessverre har ikkje tilpassingspolitikken (EØS, Schengen m.m.) hatt den
same sprengkrafta som medlemskapsspørsmålet, sjølv om tilpassinga er
førebuing til medlemskap. For nei-sida er dette ei stor utfordring. Vi
har ikkje greidd å nå godt nok ut med informasjon om dette.

Om nei-sida skal tru på Bondevik-regjeringa, kjem an på om regjeringa
viser seg verd å tru på. Eit godt signal er at dei vil sjå på om
Schengen/Amsterdam-avtalen er grunnlovsstridig. Verre er det at dei
ikkje vil reforhandle avtalen om veterinærkontroll, slik det vart meldt
i dag. Det er lite tillitvekkande at den einaste (?) EU-tilhengaren i
regjeringa har ansvaret for den saka.

Så langt har regjeringa vist styrke og handlekraft, men dessverre i
feil saker, jfr. statsbudsjettet. (For orden skuld: Dette er mi meining,
ikkje Nei til EU si.)

>Noreg blir nok fullt medlem før, eller seinare. Ein kan sjølvsagt
>stritta mot, og tru på sjølvråderetten til siste dråpen. Men det ville
>vera meir fruktbart å setja seg inn i den framtidige striden innanfor
>EU - "l'Europe sociale contre l'Europe de Maastricht". Denne striden
>er kanskje starten på ei stor rørsle, som kan bli ein brodd i den
>globaliserte wunderøkonomien.

Poenget for meg er: Har det norske samfunnet kvalitetar som vil gå tapt
med EU-medlemskap (og med den tilpassinga som går for seg no)? Eg
svarar ja på det, og eg ser heller ikkje at vi har så mykje positivt å
tilføre folk i EU at det veg opp for det vi taper sjølve. Men å følgje
med i debatten der - ja, gjerne!

>Det nyttar ikkje å slost mot dei store
>monopola, sitjande i kvar sin krok, og jatte om kor særeigen ein er.
>Striden må gå på tvers av landegrensene, og har som sagt så smått
>byrja.

Vilkåra for å slåst mot monopola blir ikkje betre, snarare verre, av å
opne grensene, for det er nettopp det dei ønskjer. Men ingen ting er
betre enn at vi som er mot dei, samarbeider på tvers av grensene.
Kanskje vi kan konkretisere det etter kvart?

Til slutt: Eg reknar ikkje Noreg, Nordmenn Og Alt Det Norske som det
beste i heile verda. Oddmund, du får kose deg med ost, vin og god mat
der du er. Vi som er att her oppe i steinrøysa, skal nok ta etter det
som er bra hos dykk. Har du forresten lært landsmennene dine å ete
ball (komle)? :-)

Lars Staurset

P.S.: Eg sende dessverre inn eit *utkast* til fråsegn på NTEU-årsmøtet
i staden for den ferdige versjonen. Overskrifta og det første avsnittet
skal vere slik:

>Positive signal frå regjeringa
>Nei til EU i Møre og Romsdal er nøgd med at vi no har fått ei regjering
>som vil føre ein Europa-politikk i tråd med folkets nei.
>Stortingsfleirtalet er etter dette valet framleis dominert av ja-sida,
>og det gjer sjølvsagt at det vert avgrensa kva den nye regjeringa kan
>få til av omleggingar av politikken i høve til EU. Den nye regjeringa
>vil av Nei til EU verte vurdert ut frå den konkrete politikken dei har
>vilje til å føre.