Ebbing er ein slik. CVJ ein annan. Arne Eriksen ein tredje.
Klimaet er slik at deltakarane her på forumet - mange av dei
iallfall - brukar energi på å klargjere
sitt forhold til AKP - gjerne då formulert slik: ja, eg er no ikkje
medlem av AKP, men... - for å kjøpe seg rett til å uttale seg.
Ei slik "klargjering" skal aldri kome frå meg. Eg vel heller å gjere
meg nytte av den medborgarlege retten eg har til å slå tilbake mot
ebbingar, andresenar og kva dei no heiter alle saman med dei middel eg til
ei kvar tid finn tenar føremålet.
På den andre sida har nesten mindre respekt for stildomarane på forumet -
Staurset synest dessverre å vere ein av dei. Sjølvinnsette overdomarar som
rykkjer ut når ordskiftet vert kvasst.
Pussig nok rykkjer stildomarane aldri ut mot ebbingane, andresenane og dei
andre korsfararane.
Kven har gjeve deg mandatet, Staurset? Korleis ser mandatet ut i strak
sakprosa?
Finn Sindre Eliassen