Hastverk er lastverk

David_T._Sørmark (david@feskar.net)
Thu, 20 Nov 1997 15:10:10 +0000

Vel. Dette er siste melding frå underteikna om SOS Rasisme slik som
ordskiftet har utvikla seg. Eg gjer framlegg om at me som ønskjer å
halda fram den stilen me har lagt oss på, gjer det på mailinglista
brauting@feskar.net.

Når eg fyrst er inne her, kan eg fortelja at eg har fått ein faks frå
leiar i SOS Rasisme, Anne Elisabeth Hansen, kor ho seier at ho ikkje
er medlem av Arbeidernes Kommunistparti. Arnljot Ask, frå
Sentralstyret i AKP, kan stadfesta dette. Så då tok eg feil om ho òg.
Men at Anne Elisabeth Hansen plutseleg ville melda seg inn i AKP før
AKP/RUs fraksjonsmøte i oktober - det er vel kanskje ein annan sak.
Men, som ho sjølv seier, pr. definisjon er ho ikkje medlem av AKP -
og har ikkje vore det på sju år.

Hastverk er lastverk. Neste gong skal eg ikkje forhasta meg! Heilt
sant!

For å melda seg på brauting@feskar.net sender du ein e-post til
brauting-request@feskar.net med subject "subscribe".

Aldri meir brautande,

David T. Sørmark
www.feskar.net/~david