Timeplan for olsok-kurset 2006 - vakenatt og tidebøner

Kurs i gregoriansk sang i norsk tilrettelegging av Olavsofficiet


Det som står
i kursiv i
timeplanen, er
ikkje ein del
av kurset, men
er arrangement
der timeplanen
er lagd opp slik
at det skal vere
råd å delta.

Særskilt er Olavsvake- gudstenesta ei fin innleiing  til vakenatta.

Lurer du på noko i til- knyting til kurset, send melding hit.

Sjå også: - Trondheimsportalen - Olavsfestdagane - Nidarosdomen - kursbrosjyra - tidebønsida - biletgalleriet - planane for tidlegare år [2006] [2005] [2004] [2003] [2002]

 
Dag, dato Tidsrom Møtestad Merknader
Ty 25/7 18.00 - 19.00 Nidarosdomen Kveldsmesse St. Jacobs dag
-"- 19.00 - 21.00 Kyrkjestovene i Waisenhuset Kursopning med enkelt måltid
On 26/7 10.00 - 12.00 Vår Frue kyrkje Øvingar med småpausar innimellom
-"- 12.00 - 12.15 Vår Frue kyrkje Kvardagsbøn
-"- 13.00 - 16.30 Vår Frue kyrkje Øvingar med småpausar innimellom
-"- 18.30 - 21.00 Vår Frue kyrkje Øvingar med småpausar innimellom
To 27/7 08.30 - 09.00Nidarosdomen Pilegrimsgudsteneste
-"- 10.00 - 12.30 Vår Frue kyrkje Øvingar med småpausar innimellom
-"- 13.30 - 16.30 Vår Frue kyrkje Øvingar med småpausar innimellom
-"- 18.30 - 21.00 Misjonskyrkja Øvingar med småpausar innimellom
Fr 28/7 08.30 - 09.00Nidarosdomen Pilegrimsgudsteneste
-"- 10.00 - 12.30 Vår Frue kyrkje Øvingar med småpausar innimellom
-"- 12.15 - 12.30Erkebispegardens kapell Sext/middagsbøn
-"- 16.20 - 17.00 Nidarosdomen (kjellaren) Oppvarming/kort øving til vesper
-"- 17.00 - 17.30 Nidarosdomen (aust) Tidebøn: Olsokvesper 1
-"- 17.30 - 24.00Kvar som helst :)Opplading til vakenatta: Mat og kvile...
-"- 23.00 - 24.00Nidarosdomen Olavsvake-gudsteneste
La 29/7 00.00 - 05.30 Nidarosdomen (vest) Tidebøn: Matutin (liturgi kvar heile time)
-"- 06.00 - 06.30 Nidarosdomen (aust) Tidebøn: Laudes
-"- 06.30 - 14.30Kvar som helst :)Fri (søvn, kvile fram mot tidebønene)
-"- 11.00 - 13.00Nidarosdomen Olsokhøgmesse
-"- 14.30 - 15.00 Besøkssenteret Oppvarming/kort øving til non
-"- 15.00 - 15.30 Nidarosdomen (aust) Tidebøn: Non
-"- 16.30 - 17.00 Besøkssenteret Oppvarming/kort øving til vesper
-"- 17.00 - 17.30 Nidarosdomen (aust) Tidebøn: Olsokvesper 2
-"- 21.30 - 22.00 Vår Frue kyrkje Oppvarming/kort øving til completorium
-"- 22.00 - 22.30 Vår Frue kyrkje Tidebøn: Completorium
Litt om praktiske ting
Lokale
Alle lokala ligg i Trondheim sentrum. Domkyrkja treng neppe nokon nærare presentasjon. Derifrå kjem du til Vår Frue kyrkje ved å gå nord til torget, så til høgre ca. 100m. Kyrkjestovene ligg i Waisenhuset, det store raude huset rett vest for Domkyrkja. Misjonskyrkja (Ark. Christies g. 1C) finn du ved å gå forbi sydenden av Waisenhuset, over lyskrysset og til andre hus på venstre hand.
Pausar undervegs
Det er pausar innimellom øvingane; det blir også korte pausar (5-10 minutt) innanfor øvingstida. Med unntak av kveldsmåltidet tysdag, tek kvar einskild med mat og drikke.
Antrekk til tidebønene
Til bruk ved tidebønene skaffar vi kvite kapper, men glorete sokkar/sko er ikkje å tilrå :) Merk at det kan vere kaldt i Domkyrkja sjølv om det er varmt ute; klimaendringar her merkast gjerne 1-2 veker i etterkant...
Olsoknatta
Natta er mykje kortare enn du trur! Vi skal syngje i 15-20 minutt kvar heile time, og kvar nokturne innleiast av fløytespel. I mellomtida skal det vere mest mogleg ro i kyrkja. Dei som vil prate, kan gå ut på Vestfrontplassen, i kjellaren eller ein annan eigna stad. Vi har base i kjellaren. Der er det WC, stolar, bord, vasskokar og vask. Alt anna "overlevingsutstyr" må takast med av kvar person. Detaljane rundt dette avtalast på kurset.
Parkering i sentrum
Dei tre vidaregåande skulane i sentrum tilbyr sommarparkering på skuleplassen for ca. 50kr/dag, hhv. Trondheim Katedralskule (rett ved Domkyrkja), Gerhard Schønings skule (rett ved Vår Frue kyrkje) og Adolf Øiens skule (på Kalvskinnet). Elles finst det parkeringshus, som tilbyr døgnparkering til ca 120kr.