Tidebøner på norsk i Nidarosdomen

Tidebønutvalet i Nidaros domkyrkjelyd har som oppgåve å koordinere arbeid med tidebøner i Domkyrkja. M.a. inneber dette å syte for at dei liturgiske funksjonane er fylte til eikvar tid, hovudsakleg med frivillege medarbeidarar i turnus.

Det blir jamnleg halde tidebøner i Nidarosdomen og Vår Frue kyrkjelydar:

Du er velkomen til å delta både på tidebønene, og i Nidarosdomens øvrige gudstenesteliv!

Liturgibok

Sommaren 2007 var Olavsofficiet (tidebønene til bruk ved olsoktider) for første gong samla i offisielle utgåver. Desse hefta er eit resultat av mange års arbeid med innsamling og tilrettelegging, og skuldast i hovudsak arbeidet til eldsjelene Margot Abildsnes og Irene Bergheim, samt personar dei har knytt til seg undervegs.
Distribusjonen av dei nye bøkene frå 2007 styrast av Verbum forlag. Hefta kan også kjøpast i besøkssenteret ved Nidarosdomen, og tingast frå forlaget via norske bokhandlarar.

Dei første versjonane av hefta var distribuerte via Liturgisk senter og NDR-butikken i besøkssenteret rett ved Domkyrkja. Desse utgåvene er i utgongspunktet ikkje å få tak i lenger.

Tidlegare olsoksamlingar

Det har vore halde mange samlingar i norsk tilrettelegging av gregoriansk song i Trondheim.
Nidaros domkyrkjelyd og Liturgisk senter har saman vore arrangørar av mange av kursa. Olsoksamlingane blir kunngjorde som ein del av Olavsfestdagane.

Periode Leiar Stoff Deltakarar Koret deltok på desse tidebønene Referansar/merknader
28.-29.07.2016 "Olsok" Vesper; Non, Vesper, Completorium Schola Sanctae Sunnivae
28.-29.07.2015 IB/PS "Olsok" 3k 3m Vesper; Non, Completorium Vigilie, Laudes, Vesper: Consortium Vocale
27.-29.07.2014 IB/PS "Olsok" 4k 3m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Forkorta Vigilie (slutt ca. 02.30)
25.-29.07.2013 MHD/GSOJ "Olsok" 11k 4m? Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan
25.-29.07.2012 OKS "Olsok" 7k 7m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan
25.-29.07.2011 JF "Olsok" 11k 9m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan
25.-29.07.2010 JF "Olsok" 23k 6m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan
25.-29.07.2009 "Olsok" 18k 8m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan Bilete
25.-29.07.2008 "Olsok" 15k 10m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan Bilete
25.-29.07.2007 "Olsok" 23k 10m Vesper; Vigilie, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan Bilete
27.-28.10.2006 Hefte 3++ 19k 13m Vesper (ein kvar dag) Brosjyre Plakat Timeplan Bilete
25.-29.07.2006 JF Hefte 1+2 30k 19m Vesper; Matutin, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan Bilete
25.-29.07.2005 JF Hefte 1+2 26k 14m Vesper; Matutin, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre Timeplan (prosjekt V) Bilete
25.-29.07.2004 JF Hefte 1+2 26k 18m Vesper; Matutin, Laudes, Non, Vesper, Completorium Brosjyre, Timeplan (prosjekt V) Bilete
26.-29.07.2003 Hefte 1+2 Vesper; Matutin, Laudes, Vesper
01.-03.02.2002 Div. kopiar Compl.; Sext, Vesper, Compl.; Høgmesse, Vesper

Kursleiarane

Presseomtale