Ivar BergInstitutt for språk og litteraturNTNU

Undervising

Eg plar undervise på båe basisemna i nordisk språk: NORD1102 Grammatikk og pragmatikk (eg har mest morfologi) og NORD1106 Språkhistorie og talemål. Læreboka Språket som vart norsk er skriven med NORD1106 i bakhovudet.

Kvar haust held eg kurset NORD2200 Eldre språk, skiftevis fordjuping i norrønt språk og innføring i runer (runologi).

Eg har samla ein del videoførelesingar – dels skikkelege opptak, dels lysbilete med lydspor – på denne sida, medan nokre nyttige dokument og lenkjer knytte til undervisinga i språkhistorie ligg her.

Eg har òg hatt ansvar for SPRÅK3002 Språkvitskaplege teoriar og fleire av EVU-kursa (etter- og vidareutdanning) våre.

Rettleiing – MA-oppgåver

Eg rettleier masteroppgåver innanfor alle delar av norsk språkhistorie, og studentar kan gjerne ta kontakt for å diskutere idear til potensielle oppgåver. Eg har liggjande ein del forslag til tema eg kan tenkje meg å rettleie (lista nedanfor er langt frå fullstendig). Med høveleg avgrensing kan desse temaa også brukast i BA-oppgåver.

Tema i nokre oppgåver eg har vore rettleiar for (dels som birettleiar):

Nokre døme på tema eg gjerne vil rettleie (lista er ikkje uttømande, og eg diskuterer gjerne alle idear som har med språkhistorie inkl. dialektar å gjera):