Ivar BergProfessor i nordisk språkvitskap
| ![]() |
Adresse: | NTNU, Institutt for språk og litteratur, 7491 TRONDHEIM |
Kontor: | Dragvoll, bygg 3, rom 3508 |
E-post: | ivar punktum berg krøllalfa ntnu punktum no |
Jf. tilsettprofilen min hjå NTNU |
Eg arbeider med norsk språkhistorie frå urnordisk til dagens norske talemål, og særleg korleis dei norske dialektane voks fram frå gamalnorsk. Eg er interessert i både systemsida av språkhistoria, altså korleis språkstrukturen har forandra seg over tid, og språkbruken og tilhøvet mellom språk og samfunn, til dømes språkkontakt og kva rolle skriftspråket har spela for folk gjennom tida.
Eg er elles interessert i filologi, studiet av historiske tekstar og den kulturelle konteksten dei inngår i (særleg norrøn filologi, naturleg nok). Andre interesseområde er historisk-komparativ lingvistikk heilt ålment, runer, stadnamn – og elles det meste som gjeld eldre språk og litteratur.
Desse sidene fortel noko om det faglege arbeidet mitt. Her finst ein kortfatta CV, oversyn over publikasjonar og ei side om undervising og rettleiing.
Eg har arbeidd mykje med norsk språkhistorie i seinmellomalderen (1350–1537), i språkhistoria kalla mellomnorsk. I samband med det har eg sett opp ein bibliografi over forsking på norsk språk i denne perioden og tek gjerne imot tilføyingar.