Bølgjekraftforelesningar ved Johannes Falnes februar 2005 og 2006 i faget

Energi frå vind og havstraum (NTNU-fag TEP 4175).

Det var i alt seks forelesningstimar med bølgjeenergi som emne (17., 18. og 24. februar 2005). Det brukte undervisningsstoffet er for det meste på engelsk (for di eg har brukt det, og har tenkt å bruka det meir, ved undervisning i utlandet). Då det blei til at eg også underviste på engelsk i fire av dei seks forelesningstimane her, er dette litt uheldig på den måten at den norske fagterminologien blir forsømt. For å bøta på dette, vil eg her visa til norsk terminologi for bølgjeenergi, nemleg til ei lita bølgjekraftordbok. Denne inneheld om lag 60 fagtermar på norsk og engelsk, med forklaring eller definisjon på norsk. Dei viktigaste termane, som var brukte i forelesningane, er: bølgjeenergitransport eller [med eit nyare termframlegg:] bølgjekraftnivå, dønning, bølgjelengd, bølgjehøgd, signifikant bølgjehøgd, bølgjeenergispektrum, hiv, stamping, tilleggsmasse, strålingsresistans, eksitasjonskraft, fasestyring, punktabsorbator, terminator, attenuator, svingande vass-søyle og kilerenne. Med forklaring er dei oppførte i ordboka under nummerering (i same rekkjefølgje:) A2, A5, A6, A8, A9, A12, B1, B5, B7, B9, B11, C7, C12, C15, C16, C20 og C27. Andre termar som er relevante for det foreleste stoffet, finn ein under A1, A3, A4, A11, A14, C1, C2, C4, C5, C9, C31 og C32.

Eit utval av brukte lysbilete (PowerPoint slides) og lysark kan sjåast (i PDF-filer på respektive 4,2 MB, 0,6 MB og 1,0 MB) på nettadressane

http://folk.ntnu.no/falnes/teach/TEP4175bylgje/waveenergy2005-02www.pdf,

http://folk.ntnu.no/falnes/teach/TEP4175bylgje/handwritten_transparencies.pdf og

http://folk.ntnu.no/falnes/teach/TEP4175bylgje/bylgjekraftboye.pdf

Den fyrste av desse tre filene inneheld emne frå undervisning alle tre dagane, 17, 18. og 24. februar. Den andre og den tredje fila gjeld emne som eg underviste 17. respektivt 24. februar. (Den tredje fila inneheld 15 nummererte lysark-kopiar, men i forelesninga hoppa eg over tre av dei, nr. 7, 8 og 9.) Ved undervisninga 18. februar avslutta vi med ei omvisning i bølgjelaboratoriet, der det blei demonstrert m.a. fasefart og gruppefart.

Det var tilsvarande forelesningar 6., 13. og 20. februar 2006, denne gongen p norsk. Som alternativ til den fyrste av dei ovannemnde tre PDF-filene blei det d brukt ein norsk versjon:

http://folk.ntnu.no/falnes/teach/TEP4175bylgje/BylgEnerg2006-02www.pdf.

Fleire opplysningar om bølgjeenergi og bølgjekraftforsking finst på andre nettsider:

Ei liste over bøker om bølgjeenergi:

http://folk.ntnu.no/falnes/w_e/books_wave_energy2004.htm

[Her er høveleg kompletterande lesestoff å finna i kapittel 12 i boka av J.W. Twidell & A.D. Weir: "Renewable Energy Resources" (1986). Merk at rettingar og kommentarar til dette kapittelet finst på http://folk.ntnu.no/falnes/wave/TFY4300/CorrectionsTW12.htm]

Om bølgjeenergi i ymse havområde:

http://www.oceanor.no/projects/wave_energy/

Om bølgjeenergiomformarar, forsking og industriell utvikling:

http://folk.ntnu.no/falnes/w_e/index.html

http://www.mech.ed.ac.uk/research/wavepower/

http://www.wavegen.co.uk/

http://www.waveswing.com

http://www.energetech.com.au

http://www.jamstec.go.jp/jamstec/myt.html

http://www.members.tripod.com/interproject/

http://www.niot.res.in/

http://www.oceanpd.com

http://www.waveenergy.dk/wave_forside/4english/wave_forside4.html

http://www.wave-energy.net/

http://www.aquaenergygroup.com

http://www.ucc.ie/research/hmrc/

http://www.wavedragon.net

 

______________________________________________________________________________

Denne HTM-fila er oppretta 2005-02-16 og revidert 2005-03-03 og 2006-08-25 av Johannes Falnes