Junivandring 2002 frå Skudenes til Røldal.

Vandringsveg og ferdaminne

I juni 2002 gjekk eg, Johannes Falnes, på mine eigne føter frå Skudenes til Røldal. Eg hadde 14 vandringsdagar i alt. Ferda gjekk frå Skude, Falnes, måndag 3. juni, nordover Karmøya og innover Haugalandet, til Olali-parkeringsplassen (Ølen) måndag 10. juni, og vidare derifrå sundag 16. juni, over Etnefjella, til Røldal 21. juni.

Eg har skrive eit kort samandrag om kor eg gjekk, mest i utmark, hei og fjell, men det var ikkje til å unngå at eg også måtte gå ein del på asfaltveg. Samandraget er tilgjengeleg i PDF-format på nettadressen

http://www.phys.ntnu.no/~falnes/sumargonge/vandringsveg_skude_rldal.pdf

som ein kan koma til ved å klikka på biletet nedanfor av Skude fyrlykt.

 

 

Eg har også skrive eit lengre notat i dagbokform om denne turen. Dette notatet er no på 14 sider, der om lag halvparten er tekst og resten illustrasjonar (kart og fotografi frå turen). Til så lenge ser eg på dette notatet berre som ein kladd, som eg ikkje ynskjer å offentleggjera i den form det er no. Den som måtte ha lyst å sjå notatet, vil eg be om vender seg til meg, t. d. med e-post til

Johannes.Falnes@phys.ntnu.no

Ei innhaldsliste for notatet kan ein sjå om ein klikkar på biletet ovanfor av Røldal stavkyrkje.

2003-01-07