Junivandring 2002 frå Skudenes til Røldal.

Vandringsveg og ferdaminne

I juni 2002 gjekk eg, Johannes Falnes, på mine eigne føter frå Skudenes til Røldal. Eg hadde 14 vandringsdagar i alt. Ferda gjekk frå Skude, Falnes, måndag 3. juni, nordover Karmøya og innover Haugalandet, til Olali-parkeringsplassen (Ølen) måndag 10. juni, og vidare derifrå sundag 16. juni, over Etnefjella, til Røldal 21. juni.

Eg har skrive eit kort samandrag om kor eg gjekk, mest i utmark, hei og fjell, men det var ikkje til å unngå at eg også måtte gå ein del på asfaltveg. Samandraget er tilgjengeleg i PDF-format på nettadressen

http://www.phys.ntnu.no/~falnes/sumargonge/vandringsveg_skude_rldal.pdf

Eg har også skrive eit lengre notat i dagbokform om denne turen. Dette notatet er no på 14 sider, der om lag halvparten er tekst og resten illustrasjonar (kart og fotografi frå turen). Til så lenge ser eg på dette notatet berre som ein kladd, som eg ikkje ynskjer å offentleggjera i den form det er no. Den som måtte ha lyst å sjå notatet, vil eg be om vender seg til meg, t. d. med e-post til

Johannes.Falnes@phys.ntnu.no

Når det gjeld innhaldet i denne "dagbok"-kladden, kan eg opplysa:

Det er mest detaljar, både tekst og illustrasjonar, frå turen over Karmøy, særleg frå heimtraktene i Falnes sokn. Etter tri dagar på Karmøya var eg i gang på fastlandet 6. juni, den dagen mest på asfaltveg. Også dei neste fire dagane fekk eg gå nokre kilometer på asfaltveg, men for det meste gjekk eg då i utmark. Om kvelden 8. juni kom eg, i Longåsdalen, til den fyrste turisthytta på turen min. På etappen gjennom Etne-fjella gjekk eg i fem dagar på T(urist)-merkte stiar, og eg hadde overnatting i fire av Haugesund Turistforening sine sjølbetjente hytter. Siste vandringsdagen, 21. juni, valde eg å gå for det meste på asfaltveg, for di eg ynskte å koma tidleg fram for å få med meg folkemusikk-konsert og midnattsmesse i stavkyrkja, i samband med jonsokfeiringa i Røldal.

Ei slags innhaldsliste for notatet er:

Side 1: 3.juni-start + kart som viser heile turruta Skudenes-Røldal

Side 2: 4.juni-start + 3 foto

Side 3: 3 foto + detaljkart som viser turruta 3.juni

Side 4: 3 foto

Side 5: 4 foto + kart som viser heile turruta på Karmøy

Side 6: 5.juni + 6.juni + 7.juni-start

Side 7: 8.juni-start + 2 foto + kart av ytre Haugalandet

Side 8: 9.juni + 10.juni-start + 2 foto

Side 9: 16. juni-start + 4 foto

Side 10: 17.juni + 18.juni-start + 2 foto

Side 11: Kart som viser turruta i Etne-fjella

Side 12: 19.juni + 20.juni + 21.juni-start + 2 foto

Side 13: 6 foto

Side 14: 2 foto + Etterord + Takk

2003-01-07