Re: Motsetninger Dragvoll-Gløshaugen (var: Humoristisk protest-T-skjorte)

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 05-10-01


Ingen var vel spesielt glade for odelstingsvedtaket i mars 1995. Ja, med
unntak av Karsten Jakobsen og eit utilgjeveleg fleirtal i høgskulestyret
hjå AVH. Slik eg har oppfatta det, gjekk AVH-styret inn for NTNU (stikk i
strid med dei som hadde valt dei) av reine prestisjeomsyn: Skulle AVH
forsvinna inn i universitetsstrukturen, so skulle sanneleg NTH gjera det
same! Og det økonomiske argumentet som berre dei veikaste sjelene trudde
på, var at dersom me ikkje fekk NTNU, so ville AVH-delen verta utmagra. Ja
ja, sjå korleis det er no, då.

Eg er jo AVH-ar, og er mest oppteken av den økonomiske og ikkje minst
faglege utmagringa som skjer på Dragvoll. Nye fagtilbod skal no etter
vedtak i Stortinget støtta opp under «hovudprofilen», sjølv om AVH-delen
har dei fleste studentane. Og denne nye «kompetansekatalogen» skal
berre gjelda Gløshaugen. Dragvoll-kompetansen, som på fleire felt
ligg i verdstoppen, skal ein ikkje vedkjenna seg.

Typisk nok var Næringsdept. med på høyringsrunden i 1996, men ikkje
Kulturdept. Dette kan ikkje tolkast på andre måtar enn at KUF meiner
atuniversitet har med næring å gjera, men ikkje med kultur. Og kvar fer
den største gruppa av uteksamierte kandidatar? Jau, til skuleverket.
Skuleverket, som ikkje fekk vera med på plenumshøyringane til
Underdal-utvalet, men som fekk lov til å levera skriftlege innspel, som
sidan vart underslegne og logne om i Underdal-inntillinga. Overkøyringa av
AVH-miljøet var so systematisk at sjølv slike «småting» som
høyringsfråsegner vart manipulerte for å gjeva eit anna inntrykk av
røyndomen enn det som faktisk var sant. Og då KUF leverte den endelege
proposisjonen sin, hadde dei sjølvsagt underslege og loge om
høyringsfråsegnene frå AVH-miljøet.

Dette har ikkje på nokon måte vore med på å fjerna motsetnader mellom
Gløshaugen og Dragvoll. Vedtak om å fjerna motsetnader med tvang, fører
gjerne til det motsette.

So veit eg òg at Gløshaugen er heller ikkje spesielt imponert over
NTNU-skapningen. Der er det sjølvsagt andre moment som er viktige: Namnet
«NTNU» usynleggjer ikkje Gløshaugen på same måten som det usynleggjer
Dragvoll. (Ein arrogant Hernes proklamerte at namnet «NTNU» ikkje
usynleggjer noko som helst, det berre synleggjer. Og at namnet er uviktig,
men det MÅ vera NTNU.) Men Gløshaugen er redd for framtida til
siv.ing.-faga, og eg meiner å ha høyrt om andre urovekkjande moment òg.

Det beste hadde sjølvsagt vore å få ein MIT-modell på heile universitetet.
Ikkje ein «MIT»-modell, altso, som me har no (dvs. ein misforstått
MIT-modell som Hernes og Lilletun tykte var so fin), men ein skikkeleg
MIT-Harvard-modell, med to institusjonar som samarbeider godt på friviljug
grunnlag. Me hadde samarbeid medan me var UNIT òg, og det var naturleg og
friviljug samarbeid mellom fagmiljø som kunne ha noko å samarbeida om. No
har me tvangssamarbeid, der det ikkje lenger skal vera so lett eingong å
få samarbeid mellom to fagmiljø på Dragvoll, sidan alle dei fire vedtekne
samarbeidsformene _skal_ ha noko med teknologi eller naturvitskap å gjera.

I 1995 var slagordet på Gløshaugen: «Frigjer NTH.» Mitt slagord er:
«Frigjer universitetet.» I sum vert det noko slikt som: «Set oss fri!»

Jardar
som var for eit sjølvstendig NTH i 1995



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET