Re: "N.N. fra teknisk-naturvitenskapelig universitet"

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 06-04-01


On Fri, 6 Apr 2001, Helge Redvald Skullerud wrote:

> Hvis ikke Dragvollstudentene, og en god del av de Dragvoll-ansatte,
> i sin tid hadde vært så infamt oppsatt på å kverke og utslette NTH -
> så kunne vi kanskje fremdeles ha hatt Universitetet i Trondheim,
> hvor Dragvoll-miljøene kunne framstått med SIN identitet,
> Gløshaugen med SIN, og medisin med SIN.

Eg er heilt samd i dette. Det som skjedde i 1995, var dette:

Studentutvalet ved AVH gjekk inn for NTNU, fordi det var viktig å taka
knekken på NTH når AVH likevel skulle fjernast som eige nivå.

Høgskulestyret og rektor ved AVH gjekk inn for NTNU, «under føresetnad av»
at det ikkje skulle verta det som fleirtalet i KUF-komiteen på Stortinget
skisserte. Ein taktisk bommert av AVH! Høgskulestyret skulle sjølvsagt ha
gått imot. Motivasjonen for å gå inn for NTNU var den same som hjå
studentutvalet.

Dekanane ved AVH gjekk inn for NTNU, uvisst av kva grunn.

I protest mot dette vart det ved AVH oppretta to aksjonskomitear: éin for
dei tilsette, og éin for studentane. Desse komiteane representerte sine
respektive grupper langt betre enn dei offisielle organa. Medlemene i dei
to aksjonskomiteane var i praksis heller for ei oppkløyving av UNIT (med
fristilling av NTH, som det heitte i Gløshaug-sjargongen) enn at me skulle
ha eit NTNU.

Fokus i aksjonane og protestane låg likevel på «nei til NTNU» i staden for
«ja til fristilling av NTH». Grunnane til dette var fleire: For det fyrste
gjekk det berre nokre få dagar frå me fekk vita om «NTNU-konseptet» og til
det skulle vedtakast, so det var lite tid til planlegging og tenking, for
ikkje å snakka om debatt. I so måte var taktikken frå Stortinget og
Hernes/KUF klassisk perfekt: Med råkøyring kan ein enkelt og uproblematisk
køyra ned folk.

Dertil kom det at i denne situasjonen hadde AVH-leiinga allereie etablert
nokre referanseråmer som det ville vera vanskeleg å bryta ut av _utan_ ein
debatt, ein debatt som det no ikkje var tid til i det heile teke. Innanfor
desse referanseråmene låg ideen om «eit samla UNIT», og
skræmselspropagandaen om at eit UNIT utan NTH ville vera ein økonomisk
katastrofe for AVH. Spørsmålet om eit fristilt NTH var dermed allereie i
utgangspunktet eit spørsmål som kunne ha splitta opposisjonen mot NTNU,
eller i alle fall var aksjonskomiteane redde for dette. Hadde saksgangen i
Stortinget vore meir edrueleg, ville det ha vorte betre høve til å taka
denne debatten på AVH, og eg er i ettertid nokso sikker på at AVH-miljøet
då ville ha våga å fokusera nettopp på «ja til fristilt NTH».

Enn vidare, om no aksjonskomiteane hadde fokusert annleis, og jamvel klart
å få AVH-folket med seg unisont på «ja til fristilt NTH», so hadde me
framleis den valde leiinga å slåst imot. I etterid har me òg fått vita frå
Jon Lilletun at då dei på Stortinget oppdaga kor stor motstand det var mot
NTNU, so var det for seint å snu, fordi det hadde gått prestisje i det.
Grunnen til at dei ikkje oppdaga det i tide, kvar landet låg, var at
leiinga ved universitetet hadde sagt «ja til NTNU».

Det som kanskje likevel var avgjerande, var at Gudmund Hernes (med sine
føringar for den nye universitets- og høgskulelova) insisterte på ein eins
indre struktur for universiteta og høgskulane, slik at det ikkje lenger
ville vera plass til noko høgskulenivå under UNIT. Når då NTH, LO og NHO
gjekk inn for å taka vare på NTH, so vart NTNU eit kompromiss, der det
tekniske i NTH-namnet vart teke vare på, men innanfor éin samla
universitetsstruktur i Trondheim.

Ein treng vel ikkje minna om at det var NTH-rektor Karsten Jakobsen som
i 1990 hadde lansert NTNU-konseptet, med ei eksplisitt nedbygging av AVH.
Som seinare UNIT-rektor (den siste me hadde) gjorde Jakobsen dessutan sitt
til å overtyda Lilletun om kor flott det ville vera med NTNU. At det i
tillegg var mange på Stortinget som ikkje eingong visste at det var eit
AVH under UNIT, og at NTH ikkje var åleine, gjorde ikkje saka betre.

Og då gjekk det som det gjekk:

> I stedet endte det opp med at samordningen av sivilingeniørutdanningen
> ble kastet på båten, teknologistudiene forvitrer -
> og Dragvollmiljøene er påtvunget en grovt misvisende teknologietikett.

Og namnet? Hernes slo sjølv fast at namnet er uviktig, so lenge det er
NTNU... For NTNU-namnet synleggjer det teknisk-naturvitskaplege, men det
usynleggjer ikkje AVH-faga, må vita...

> Nå er kanskje ikke navnet i seg selv det viktigste; mer vesentlig er
> det at de ulike miljøene får anledning til å utvikle seg på egne
> faglige premisser.

NTNU-namnet vert allereie brukt som alibi for å fokusera på TN-delen. At
Stortinget i vedtaket sitt om NTNU la ei viss vekt på å taka vare på
AVH-miljøet, har vorte neglisjert både av Underdal-utvalet og av andre.

Eit fristilt NTH hadde nok vore det beste. Samarbeid er mogeleg utan
ekteskap. Og skulle me taka denne «MIT-modellen» på alvor, so hadde det
vorte nettopp slik: NTH/MIT i tett samarbeid med UNIT/Harvard, men utan
samanslåing og intern misnøye.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET