Re: Forelesninger = "autoritær, professoral messing" ?

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 08-01-01


On Mon, 8 Jan 2001, Trond Andresen wrote:

> Hvis man med dette mener at foreleser ikke vil ha spørsmål fra studentene,
> eller gjør narr av dem hvis de spør eller innvender noe, så er jo dette
> ytterst urettferdig mot det overveldende flertall av NTNUs forelesere, som
> er sjeleglade for alle tilløp til toveis kommunikasjon i auditoriet. Så
> dette har minimalt med NTNU å gjøre.

Slik framferd frå ein førelesar ville dessutan vera so uhøfleg og
motbydeleg at førelesaren truleg ville ha mist alle studentane sine
likevel. Og då ville førelesingane ha vorte avlyste. Det kan dermed ikkje
vera noko slikt dei har i tankane.

> Og når det gjelder "kateteret", så står vi faktisk ikke stille der - vi
> beveger oss en del blant annet for å skrive på tavla og bruke andre
> hjelpemidler. Men kanskje vi skulle ha en trådløs mikrofon og springe
> predikant-aktig mellom benkeradene?

Underskrivne har til tider gjort dette, og vonar at han dermed kan sjåast
på som like lite autoritær som ein Guds representant mellom menneska.
Eller noko slikt. Pave Jardar den fyrste, det hadde vore noko.

> Sjølsagt ikke. Men da spør jeg om hvilket bryst NTNUs informasjonsseksjon
> har sugd dette karikerte vrøvlet fra?

Kanskje frå det same brystet som eitt av strategidokumenta, som fokuserte
veldig på kor viktig det er å bruka IT i undervisninga, men utan å seia
noko om kvifor det er so viktig.

Eg trur at det som Trond har presentert for oss i dag, er eit godt døme på
korleis det kan gå når ein innfører ei fin samanblanding av journalistisk
verksemd og lojalt reklamemakeri, med samanslåing av dei to avdelingane,
og med Infodirektøren (reklamedirektøren) som redaktør for det heile.

Har Infodirektøren (ansvarleg redaktør) med dette gjort seg skuldig i
injuriar mot ei heil gruppe av tilsette, nemleg dei som føreles?

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET