Re: Universitetsavisa. Demokrati og ytringsfrihet

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 27-04-00


On Thu, 27 Apr 2000, Tore R. Jorgensen wrote:

> Når du er tilhenger av demokratiets ytringsfrihet, men ikke akseptrerer
> vedtak i besluttende demokratiske organ synes jeg du har en udemokratisk
> holdning.

Eg kan ikkje sjå at Trond ikkje har akseptert vedtaket. Eg har berre sett
at han har karakterisert det som hyklarisk osb. Dette er eit uttrykk for
usemje, ei usemje som skal vera rettkomen når ein veit at vedtaket botnar
i dårleg kompetanse i journalistikk, som Trond forresten har større
kompetanse i.

Eg har sameleis akseptert at Stortinget gjorde det endelege NTNU-vedtaket
på grunnlag av m.a. underslag av høyringsfråsegner og dokumenterte
usanningar i innstillinga frå Underdal-utvalet. Men eg tykkjer det er
horribelt, og eg ser på vedtaket om å oppretta NTNU som eit tilbakesteg
til gamle og forelda førestellingar om teknologi og naturvitskap som
svaret på alle spørsmål. Og eg kjem ikkje til å slutta å hevda synet mitt
fordi om det vart gjort to vedtak i Stortinget i 1995 og eitt i
1996. Sameleis vonar eg at heller ikkje Trond sluttar å hevda synet sitt
berre fordi om eit fleirtal i kollegiet har vedteke noko dumt.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET