Re: Universitetsavisa, 7-6 for UDs innstilling

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 27-04-00


Adressa i dag: «Rektor Emil Spjøtvoll syntes at andre medier i Trondheim
fint fylte 'Watergate-rollen' som vaktbikkjer overfor NTNU»

Kanskje ikkje so uventa at rektor ynskjer å overlata den kritiske
journalistikken til andre. Kanskje ikkje so uventa at rektor ikkje tykkjer
at Universitetet sjølv skal vera kritisk. Dette er nemleg den same
rektoren som visst nok prøvde å sensurera Universitetsavisa i ei konkret
sak for nokre år sidan.

Under NTNU-regimet har det dessutan vore ein del snakk om å vera «lojal»,
og ikkje kritisera leiinga ved Universitetet. Det var snakk om dette både
då «pornobrosjyren» for det nye NTNU kom i 1996 (eller deromkring), og det
var snakk om det seinare, under Repro-saka.

Eg kan berre oppmoda redaktøren om å ingnorera alle pålegg som måtte koma
frå ansvarleg redaktør eller leiinga elles.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET