Re: Vil noen i ledelsen legge ned Universitetsavisa?

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 29-02-00


On Tue, 29 Feb 2000, Trond Andresen wrote:

> Ser jeg kanskje spøkelser ved høylys dag?

I so fall kan me berre drøyma oss tilbake til 1995, då AVH fekk vita at me
hadde dei same hallusinasjonane...

KREATIV argumentasjon - KONSTRUKTIV korridor - KRITISK til fri presse

(Og i den samanhengen kan ein jo òg nemna at rektor aldri dementerte
opplysningane i UD om at han hadde prøvt å sensurera UA for eit par-tre år
sidan.)

> -I den grad jeg er paranoid i denne saka,

...so kan ein òg leita etter trykkfeil i «visjonen»... «vår», liksom. På
musmatta mi (som eg skal gjeva bort til ein medisinar, fordi eg som
språkforskar treng noko meir relevant under musa) les eg:

   Gjennom ledende fagmiljøer skal NTNU sikre og fornye nasjonens
   teknologiske kompetanse. Med sterke disipliner og faglige mangfold skal
   NTNU skape forståelse av samspillet mellom kultur, samfunn, natur og
   teknologi.

og ikkje:

   Gjennom ledernes miljøer skal NTNU sikre og fornye nasjonens
   teknologiske konkurranse. Med sterk disiplin og vaglig mangfold skal
   NTNU skade forståelse av sampillet mellom kultur, samfunn, natur og
   teknologi.

Skal tru om eg kan byta inn gratisabonnementet på Gemini i eit
gratisabonnement på Norsk Lingvistisk Tidsskrift? Hm. Nei, no vart det
berre vås her. Ha det.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET