Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri.

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Mar 24 2000 - 18:40:47 MET

  • Next message: Karsten Johansen: "Sannheten_om_Jugoslavia_avsløres"

    Eg sende eit privat svar på den førre meldinga til Bjørkedal, for eg
    lova han siste ordet på forumet. Men når han overdriv og karrikerer meg
    på denne måten, må eg nok koma med ein liten kommentar likevel. Asgeir
    Bjørkedal skriv:

    > 3. Garvik innrømmer nokså ope at han går god for ITN sin svindel (dersom
    > dei har svindla).

    Eg går ikkje god for denne framstillinga. Som eg sa i det private
    svaret:

    "(Det er) Ikkje heilt greitt, kanskje, men heller ikkje så heidundrande
    gale og viktig som du og andre no vil ha det til."

    Eg freistar berre å moderere deg litt, Bjørkedal, fordi du eksar deg
    veldig opp over denne saka.

    > 4. All dokumentasjon i saka tyder på at hovudavsløringane er sanne.

    Eg hevdar at domaren faktisk har eit poeng når han seier LM ikkje var i
    Bosnia den dagen biletet blei teke, og ikkje kan vera sikre på kva som
    eigentleg hende der.

    Korkje du eller eg har sett "all dokumentasjon", og me var heller ikkje
    i Bosnia, eller i rettsalen i London.

    Eg kan vera like demagogisk som du, men kva fører det til? Me blir
    ståande å hakke på kvar vår side av gjerdet. Sjølvsagt kan eg trekkja
    fram presentasjonen av filmen din att, og spørja om kva som finst av
    andre "avsløringar"? Om dokumentasjonen din hovudsakeleg er artilkkelen
    i LM og denne propagandafilmen, JUDGMENT, er det då også snakk om å
    avsløre/prove at:

    > 1) The Loyalist ("Serbian") Authorities were humane.
    >
    > 2) Marshall KNEW the loyalists were humane.
    >
    > 3) The refugees SAID they were treated decently.
    >
    > 4) Marshall staged the death camp sequence seen around
    > the world.
    >
    > 5) Marshall and Ian Williams were filmed in the act of
    > lying.

    Er det slik at:

    > This film will change people's minds.

    og at:

    > It documents that Marshall and ITN have committed the
    > worst crime against humanity: they lied to millions of
    > people in order to justify a war.

    ???

    Kjem ein med slike postulat, må ein ikkje undre seg over at tenkjande
    menneske stiller seg nokre spørsmål. Det er verda snudd på hovudet...

    > 5. ITN, Ed Vuillamy, Garvik og andre som går god for løgnpropaganda så
    > lenge den går rett veg, vel å fokusere på heilt andre spørsmål. Det ville
    > være en hån mot alle ofrene i Bosnia-krigen om sanninga kom fram i denne
    > saka, og lignande svada.

    Eg går ikkje god for noko som helst! Eg legg berre fram mitt personlege
    syn, og det representerer berre meg sjølv. Eg er så langt frå makta som
    det går an å koma...

    Eg held fast på at desse bileta ikkje var avgjerande for demoniseringa
    av serbarane, for det tok dei serbiske regima seg betre av sjølve, både
    i Bosnia, og i Serbia/Kosovo.

    For min eigen del hadde ikkje dette biletet NOKON SOM HELST innverknad.
    Alt i 1981-82 fortalde ein kroatisk målarven, basert på det gryande
    maktspelet etter at Tito var død, "at det kjem til å bli borgarkrig her
    innan ti år". Eg hadde også samtalar med kosovoalbanarar på den tida,
    som fortalde ting eg hadde vanskeleg for å tru på, om sjikane,
    utestenging og trakassering. Tidlegare har eg fortalt om ein
    "kraft-serbisk" fest eg var invitert på i 1982, der eg i ettertid finn
    att spor av det som alt var i emning. Mitt eventuelle "anti-serbiske"
    standpunkt er i tråd med det antisjåvinistiske, antinasjonalistiske og
    antifascistiske grunnsynet mitt. Sjølvsagt ser eg nyansar, men
    hovudfargen i Serbia dei siste åra har vore raudbrun. Det raudbrune gir
    eg ingen kreditt, heller ikkje formildande omstende, eller "like
    rettar". Det raudbrune i politikken er like avskyeleg og forkasteleg
    som det reine brune, det svartblå, eller det reine svarte. Punktum. Når
    me no er vitne til at desse kreftene har medvind, konsoliderer seg, og
    til og med tek makta i mektige nasjonar, ser eg ingen grunn til å smyge
    og vera romsleg i høve til dei.

    Når du skrik opp om denne "fillesaka" i London, og reklamerer for
    propagandafilmen JUDGMENT som du gjer, fungerer dette nettopp som ei
    hjelpande hand til det raudbrune Milosevic-regimet. Dei treng sårt alt
    som kan pusse på fasaden!

    > 6. Dersom ITN har arrangert bileta for å skape et misvisande inntrykk, slik
    > avsløringane viser, så ER dette svindel og løgnpropaganda. Det må være et
    > uomtvistelig faktum, ikkje eit synspunkt som er farga mine standpunkt i
    > andre spørsmål.Det er eg forundra over at du Ursin set spørsmålstegn ved.

    Eg er ikkje like forundra, for dei som har lagt fram "avsløringane" (LM)
    har ikkje reint rulleblad. Skullerud var for nokre dagar sidan inne på
    dette:

    > De (LM/RCP) har stått bak en rekke falsknerier; den mest
    > beryktede var fjernsynsserien Against Nature, som ble sendt på Channel
    > 4 for tre år siden og besto i sin helhet av grove bakvaskelser,
    > usannheter og fordreininger om miljøbevegelsen -- ting som en stort
    > sett bare får høre fra de mest høyreekstreme korporasjonssponsede
    > tenketankene i USA. Channel 4 ble tvunget til å beklage etterpå.

    Dessutan spørst det om RTS (Den serbiske kringkastinga) er ei påliteleg
    kjelde I DET HEILE TEKE. Ein må i det minste ta det som kjem frå den
    kanten med ei god klype salt.
     
    > Avsløringane fekk stor gjennomslagskraft i Tyskland og der Spiegel ba
    > offentlig om orsaking for å ha hengt seg på svindelen. ITN har så langt eg
    > veit aldri forsøkt seg med nokon rettslege skritt mot NOVO som trykte
    > artikkelen i Tyskland.

    Er du sikker på dette? Kvifor kom det ikkje vidare? At ITN ikkje har
    reist sak mot det tyske presseorganet, er ikkje så rart. Dei var til og
    med i tvil om dei skulle reise sak mot LM.

    > Påstanden om at det var ITN med kumpanar som var innanfor piggtrådgjerdet
    > vart ikkje betvilt i retten.

    Det er rett at domaren ikkje klårt avviste dette, men kva så? Du lagar
    storm i eit glas vatn...

    > I tillegg kjem filmmaterialet frå RTS som skal vise Penny og hennar
    > propagandakunstnarar i aksjon.

    Det er godt du seier "skal vise", for RTS har hatt åtte år på seg til å
    lage denne filmen, og få han ut i "internasjonal" utgåve. Kva veit me om
    kunstane på mixeborda i serbiske tv-studio?

    > Det som fjernar mi tvil er at ingen prøver å tilbakevise nokon av desse
    > konkrete påstandane. Men heller pratar om andre saker og ting som skal
    > overskugge det aktuelle spørsmålet.

    Du har laga deg eit lite reir der alt ser reint og klårt ut, men tvilen
    kom Marshall og Williams til gode i den engelske rettsalen.

    Oddmund Garvik



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 24 2000 - 18:46:51 MET