Summerhill

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Mar 24 2000 - 12:55:10 MET

  • Next message: Magne Flemmen: "Re: Summerhill"

    Det blei så stille på forumet at eg fann det for godt å sende ein
    "test". Ein veit aldri, ettersom listeadm. er bortreist. I staden for å
    sende ein av desse idiotiske test-meldingane, melder eg om noko som er
    verd å melde om:

    Summerhill vann rettssaka som det "liberale" regimet til Blair reiste
    mot den sagnomsuste institusjonen. Elevane kan puste ut. Skulen held
    fram.

    No vil sjølvsagt nokre hevde at dette er "uinteressant", at Summerhill
    er ein eliteskule osb. Det var slike ting den "liberale"
    undervisningsministeren hang seg opp i: Skulepengar, mangel på hygiene
    og avskilde toalett osb. David Blankett proklamerte til og med at: "På
    Summerhill lærer skulen først og fremst elevane å blande saman latskap
    og personleg fridom."

    Alt dette var sjølvsagt berre påskot frå regjeringa si side. Det
    særmerkte ved Summerhill, er at dei fem notidige landeplagene elles i
    skuleverket: Racket, rasisme, seksuelle overgrep, vandalisme og
    narkotika, er ukjende der. Elles lærer elevane på korrekt måte det dei
    har bestemt seg for å lære.

    Sjå elles: http://www.s-hill.demon.co.uk/

    Oddmund Garvik

    -- 
    "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
    Echelon!"
    



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 24 2000 - 13:02:58 MET