Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri.

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Thu Mar 23 2000 - 21:25:49 MET

  • Next message: Karsten Johansen: "Putin"

    Asgeir Bjørkedal a écrit :

    > Syns du ikkje det skurrar litt at Karadzic inviterte ITN med fleire til
    > Trnopolje dersom det var ein konsentrasjonsleir med sveltande fangar bak
    > piggtrådgjerder? Hvis det var "Belsen -92"? (sjå faksimilie på linken
    > nederst til LM-artikkelen)

    Har eg sagt at leiren i Trnopolje var ein konsentrasjonsleir?
    Representerer eg avisene som skreiv dette? Hald deg til saka!

    > Bombinga av RTS viste to ting med all mulig tydelegheit:
    >
    > 1. NATO fryktar motinformasjon/motpropaganda og finn det nødvendig å kneble
    > media som dei ikkje er nøgde med.

    Dette er ikkje spesifikt for Nato. Om du ikkje har oppdaga det før, får
    du setje deg ned og lesa krigshistorie, særleg frå dette hundreåret.
    Bombinga av serbiske media var ein logisk del av krigen mot det serbiske
    regimet.

    > 2. Vestlig presse godtar jamnt over denne kneblinga av serbisk presse.

    Du opererer med kategoriar, men kva er "vestleg presse" for noko, anna
    enn nokså samansette media. Eg veit at pressa i Noreg er sørgjeleg
    einsretta, men i andre europeiske land er det nokså balansert. Her til
    lands har me pressefridom, og pressa er temmeleg nyansert, også i høve
    til krigane i det tidlegare Jugoslavia. (Frankrike og Serbia var gamle
    allierte, og det har lenge vore sterke "venskapsband" mellom dei to
    landa). Til og med den "borgarlege leiren" delte seg i samband med
    krigen i Kosovo.

    > Hvis ein har for tynt grunnlag for sin eigen propaganda er det sjølvsagt
    > all grunn til å frykte for å bli motsagt.

    Det er ikkje opp til meg å svare på slikt, eg sit korkje i Nato, eller i
    regjeringa. Eg har ikkje "full tillit til vestlig presse", som du seier,
    for "vestleg presse" eksisterer som sagt ikkje i mitt verdsbilete. Det
    finst presse og presse.

    Heile denne saka ber preg av at nokre små grupperingar og ei lita avis
    ser på seg sjølve som "David". Dei freistar å få mest mogleg ut av
    beskjedne våpen. Det er ikkje noko gale i det, men det blir mykje larm
    om lite, for krigen i Bosnia og dei tusenar av døde lagar skuggar som er
    enorme, og som ingen kan bortforklåre.

    Då eg melde om denne rettsaka mot LM, var det fordi ein kamerat sende
    meg eit utklipp frå Bergens Tidende, og fordi eg tykte saka var noko
    disproporsjonert. Det tykkjer eg framleis, men eg tykkjer samstundes at
    saka her på KK-forum får ein større plass enn ho fortener. Alle kjenner
    vel skiljelinene, og då får kvar og ein gjera seg opp ei meining.

    For meg finst det viktigare saker enn denne, t.d. krigen i Tsjetsjenia.
    Skal me halda oss til "stakkars" Serbia, slår undertrykkjinga av pressa
    ein i augo no om dagen. "Reporters sans frontières" http://www.rsf.fr
    melder om at tjue media har blitt truga og ti andre stengde sidan året
    byrja. Sjå Libération: http://www.liberation.fr/kosovo/libecdb19.html

    Men det er kanskje ikkje "opportunt" å ta opp slike saker her...

    Oddmund Garvik

    -- 
    "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
    Echelon!"
    



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 23 2000 - 21:31:51 MET