Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri.

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Thu Mar 23 2000 - 11:30:47 MET

  • Next message: Yann Grundt: "Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri."

    Asgeir Bjørkedal a écrit:

    > Er det diskutabelt? Tek dommaren feil når han seier:
    >
    > 'Clearly Ian Williams and Penny Marshall and their TV teams were mistaken
    > in thinking they were not enclosed by the old barbed wire fence'.

    Det var ikkje det eg sa, eg snakka om LM Magazine som "leftist".

    Eg ville elles ikkje ta kjeften så full som deg, og kalle ITN sin
    reportasje "svindel og bedrag", for dette billetet det er snakk om,
    uttrykkjer noko som var nær røyndomen under den serbiske offensiven og
    krigen i Bosnia.

    > Her har LM avslørt eit grovt tilfelle av fabrikasjon av uhyre effektive
    > propagandaløgner. ITN har misbrukt Ficret Alics radmagre utsjånad og
    > piggtrådgjerdet som dei (TV-teamet) stod innanfor til å skape ein illusjon
    > som ingen av oss var upåvirka av. Dette vart brukt til å piske opp eit
    > irrasjonelt hat mot serberane og til å dreie all skuld i over på deira side.
    >
    > Og så latar du som om du er bekymra for sanninga når du rettar skytset mot
    > dei som har avslørt svindelen!!

    Den "radmagre" (han var truleg fødd slik...), var ikkje aleine. Det
    fanst mange med same utsjånad i reportasjane frå Bosnia på den tida. At
    du (og dei du siterer) no freistar å isolere krigen i Bosnia til dette
    eine biletet, finn eg oppsiktsvekkjande. Når du i tillegg (saman med dei
    same proserbiske proselyttane) freistar å marknadsføre ein
    propagandafilm som du truleg ikkje har sett, men som du har full tillit
    til, blir heile argumentasjonen din lite truverdig. Kvifor blir elles
    denne filmen først lansert no, ÅTTE ÅR ETTER:

    > We just finished production work on the
    > English version of a stunning new film -
    > "JUDGMENT!" It exposes the tricks used to concoct
    > phony pictures of a nonexistent Serbian 'death camp' in
    > 1992. These doctored images -- especially the famous
    > emaciated man behind barbed wire -- were broadcast
    > worldwide to dehumanize the Serbs. They led to the
    > deaths of thousands and great suffering for millions of
    > human beings.

    Det er då ganske ufatteleg at dette "scoopet" ikkje har blitt publisert
    før! Om det var slik at biletet til Ian Williams and Penny Marshall
    "førde til fleire tusen døde og store lidingar for millionar av
    menneske" som det blir påstått ovanfor, måtte det vel vera ei prioritert
    oppgåve å få ut "mot-reportasjen" for lenge sidan. Kva har det serbiske
    fjernsynet (RTS) rota med alle desse åra? Kan det tenkjast at "JUDGMENT"
    (eg veit ikkje kvifor titelen er feilstava) også er "fabrikkert", dvs.
    fiksa på, og klipt saman på ein måte som gjer historia truleg? Var det
    fordi det tok SJU-ÅTTE år før nokon kom på denne ideen, at filmen blei
    "forseinka"? Eg stiller berre desse spørsmåla, som alle med litt kritisk
    sans må stille. Eg er sjølvsagt ikkje i stand til å dokumentere dette,
    fordi eg ikkje var i Bosnia på den tida.
     
    > >Kor mange fotografi i historia til fotojournalismen har ikkje vore
    > >iscenesett på forskjellige vis, til og med krigsfotografi? Eg kjenner
    > >personleg ein av dei store notidsfotografane - Sebastião Salgado. Nokre
    > >av bileta hans er også "iscenesette", anten direkte, eller indirekte.
    > >Gjer det bileta mindre truverdige? Er ideen bak dei falsk? Eg trur ikkje
    > >det.
    > >
    >
    > Hvis han har iscenesatt bilder, som seinare har blitt framstilt som noko
    > dei ikkje er, så er det sjølvsagt svindel, løgn og bedrag.

    Nei, det er ikkje det det er snakk om. Fotografi er ikkje objektive. Ein
    kan stille opp tjue fotografar framom eit subjekt, og ein får tjue
    forskjellige bilete. Eit bilete er resultatet av kombinasjonen mellom
    avstandsinnstilling, lukkaropning, lukkartid og fotografen sitt syn,
    dvs. det utsnittet han lagar, og ideane som fotografen har om subjektet.
    I Salgado sitt tilfelle har det ført til fleire majestetiske
    fotoreportasjar (Sahel: l'homme en détresse, Autres Amériques, Une
    certaine Grâce, La Main de l'Homme, m.fl.) og ei mengd prisar. At
    Bjørkedal kallar bilete som ikkje liknar det han er vane med, for
    svindel, løgn og bedrag, viser at han er ein barbar, ein etterplaprar,
    men som i dette tilfellet ikkje har inntrykk av å vera det, fordi han
    høyrer til "dei få mot dei mange". Slik deler han rollen som "offer" med
    det serbiske folket og alle dei andre som "solidariserte" seg med dette
    og regimet deira.

    Når Klassekampen t.d. i dag på leiarplass skriv om bruken av ammunisjon
    med utarma uran under krigen i Kosovo som om det skulle vera ei stor
    oppdaging, er det nok eit teikn på korleis ei viss "venstreside"
    freistar å jonglere for å halda seg oppegåande. Det blei alt i fjor
    sumar funne positive prøver som dokumenterte bruken av slik ammunisjon.
    For min eigen del var eg aldri i tvil om det, like lite som eg var og er
    i tvil om at Nato lyg når det passar. For alle oss som har vore, og som
    er kritiske til Nato, er dette gamalt nytt. At det for Nato no ikkje
    lenger er haldbart å lyge om bruken av radioaktiv ammunisjon, skreiv til
    og med VG om i går. Det er inga stor sak, bortsett frå i Klassekampen
    sin kampanjejournalistikk.

    Anders Ekeland hadde eit svært fornuftig innlegg her om dagen, der han
    er inne på nokre av problema med Klassekampen si dekkjing av krigen i
    Kosovo:

    > Jeg tror at hvis KK nærmet seg saken fra et "tredje vei" standpunkt,
    > (gruppe c), så ville den bli (enda) viktigere for meg, og viktig for mange
    > andre. Men KKs dekning av Kosovo-konflikten var ikke så dominert av "tredje
    > vei" (dvs. sannhetssøken) som jeg hadde ønsket, den var for partisk. Dermed
    > fikk den ikke et flertall av folket i tale, den hadde vondt for å tale til
    > de deler av RV og SV som var i tvil. Den reflekterte ikke at dette var en
    > vanskelig konflikt nettopp fordi gruppe c) ikke hadde noen klar politisk
    > representant.

    Eg representerer saman med nokre få andre her på forumet det Ekeland
    kallar "gruppe c". Det er synd at så mange på "venstresida" let seg
    drive mot "gruppe a", dvs. meir eller mindre kritikklaust solidariserte
    seg med "motparten". Dette var ein slags ryggmargsreaksjon, men
    gudhjelpemeg så misforstått. Difor blei den delen av "venstresida"
    isolert. Er ein isolert, kan ein påkalle seg det heroiske. Klassekampen
    freista å vera heroisk, berre for å isolere seg ytterlegare, som om
    ikkje avisa var lita og isolert nok frå før. Venstresida var splitta,
    men Klassekampen som "Venstresidas dagsavis" tok ikkje omsyn til dette.
    Avisa profilerte seg som "antikrigsavis" saman med Dag og Tid. Båe desse
    avisene, og særleg Klassekampen var definitivt ikkje mine aviser i
    samband med krigen i Kosovo. Slikt set spor.

    Attende til Bjørkedal, som held fram:

    > Vil Garvik betvile at filmen faktisk viser korleis ITN "iscenesette" sine
    > "symbolske bilder"?
    >
    > Eller meiner du rett og slett det er umoralsk propaganda å vise fram slike
    > avsløringar på film. Har ikkje serberena både rett og plikt til å vise fram
    > dei opptaka dei har av Penny Marshall og hennar kumpanar? Bør ikkje
    > sanninga fram sjølv om dine hatobjekt då kjem litt bedre ut?

    Eg har ingen "hatobjekt", men eg finn som sagt ikkje "sanninga" i ein
    åtte år gamal film frå serbisk statskringkasting. Eg ikkje sett han, og
    det har vel heller ikkje du, Bjørkedal? Eg tykkjer berre omstenda
    omkring filmen og lanseringa av han er litt "uklåre". Det er vel elles
    ikkje "serbarane" som står bak denne filmen, for serbarane er som kjent
    inga blokk - sjølv om dei bar preg av ein saueflokk då dei stod og hang
    på bruene i fjor vår.

    Det er sjølvsagt regimet til Milosevic som står bak dette, for det har
    ein skrikande trong til å koma seg ut av isolasjonen. Regimet har klart
    å få Serbia nokolunde på fote att etter krigen. Det er snart lokalval og
    Milosevic går no laus på det vesle som finst av opposisjon, m.a. ved å
    konfiskere frie radiostasjonar i distrikt der "opposisjonen" har
    fleirtal. Alt som er nyttig i arbeidet med å pusse den serbiske
    messingen blank att, blir difor lansert utan blygsel. Serbia har ikkje
    gitt seg, heller ikkje Milosevic. Det er ein katastrofe at han framleis
    sit der som om ingenting var hendt.

    Oddmund Garvik

    -- 
    "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
    Echelon!"
    



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 23 2000 - 11:41:25 MET