Er det verd prisen?

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Tue Mar 07 2000 - 00:03:55 MET


Den USA initierte FN-boikotten av Irak legg ned forbod mot å importere
blyantar. Karbonet i dei kan utvinnast og i neste omgang bli brukt til å
dekkje fly slik at dei ikkje vil vere synleg på radaren. I Irak betaler 22
millionar menneske for USA sin "kamp" mot Saddam Hussein. Diktatoren sjølv
går fri. Det tidlegare velståande samfunnet er i dag rasert. I Irak har
meir enn 500.000 ungar måtte bøte med livet som følgje av boikotten. I
følgje USA sin utanriksminister er det verd prisen.

Palestinakomiteen og Al Quds har i fleire år arrangert reiser til landet.
Ut frå ein tanke om at det ein ser med eigne auger verkar sterkare enn tal
og tørre fakta på eit papir. Ut frå ein tanke om solidaritet.
Neste tur er planlagt i påsken. Reisa vil innebere både muligheten til å
sjå arkeologiske funn, historiske stader og ikkje minst møte menneske som
må betale for USA og vesten sine sanksjonar.
Ta kontakt med Al Quds Reiser for nærmare informasjon, tlf 22 11 00 26



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:28 MET