Søppelpost

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Feb 08 2000 - 09:27:58 MET


Dei siste 2-3 vekene har det auka på med søppel i e-postkassa mi. Har de
andre merka noko liknande? Har nokon som samlar adresser for
reklameutsending, kome innom KK-forum, raska med seg alle adressene der
og selt dei vidare? Eller er kjelda ei heilt anna?

Breva kjem frå ulike avsendarar, og utforminga varierer, men innhaldet
er nokså einsformig: tilbod om adresser og praktisk hjelp til
masseutsending av e-post-reklame (sic). Dei som driv med slikt, sel
altså sin eigen leveveg til andre. Dei er rimlegevis nokså ukritiske til
kven dei sender til, for det kostar berre $200 å sende ein million brev,
i følgje det siste tilbodet eg fekk. Å sortere ut dei hundre adressatane
som kan vere interesserte, kostar nok langt meir.

Storebror ser oss sjølvsagt på nettet, men til dagleg er Veslebror vel
så plagsam. Er det noko vi kan gjere med dette?

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:18 MET