RE: Haider og EU

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Feb 03 2000 - 08:09:53 MET


Le mer, 02 fév 2000, jonivar skullerud a écrit :
 
> Jeg er bekymret over at FPÖ kommer i regjeringen i Østerrike (selv om
> jeg tror de kan komme til å gjøre mindre skade i regjeringen enn
> utenfor), men jeg er minst like bekymret over at EU nå har funnet det
> for godt å overprøve det demokratiske valget til folket i ett av
> medlemslandene -- fullstendig vilkårlig, uten basis i noen traktat.

EU har ikkje overprøvd noko som helst. Dei har lagt press på dei
austerrikske institusjonane for å få fram alvoret i situasjonen. Dei
har uttala noko slikt som at "there will be no business as usual" med
ei regjering som inkluderer FPÖ. Dei 14 landa som står bak dette har
vel også rett til å bestemme med kven dei vil byggje Europa...

Når det gjeld det demokratiske valet til austerrikarane, er det berre
å seia at 73% av folket IKKJE har stemt for Haider eller ein koalisjon
med han. At Wolfgang Schüssel i sin iver etter å bli kansler bryt eit
valløfte, er eit alvorleg overtramp ikkje berre mot det austerrikske
folket, men også mot Europa. For austerrikarane er ikkje berre
austerrikarar, dei er også europearar, med plikter og rettar som er
felles for alle medlemmer av den Europeiske Unionen. Dette er ikkje
vilkårleg, og det HAR basis i det minste i plattforma for det
europeiske samarbeidet. Ein kan gjerne seia at det er vagt å vise til
"dei fundamentale verdiane til Europa", men det som skjer i
Austerrike er heilt nytt. Det er fyrste gongen ein står ovanfro ein
slik situasjon i Europa i etterkrigstida. Det har rett nok vore eit
tilløp i Italia ein gong, men då blei det også reagert.

Eg trur professor Ove Bring er inne på noko då han seier:
"- Det är bra att man testar nya principer i folkrätten. Det innebär
att positionerna flyttas fram och att man vågar sätta moralen främst."
Det er i dette perspektivet ein må sjå presset som er lagt på
Austerrike.

President Klestil har truleg resignert og kjem nok til å godta den nye
regjeringa. Men han har sagt at han kjem til å krevja at det i
innleiinga til regjeringsprogrammet blir skrive under på ei erklæring
nettopp om "dei fundamentale verdiane til Europa". Om dette forandrar
noko, får tida vise.

> For det første har den nye regjeringen ikke gjort seg skyldig i noen
> slags "forbrytelse" (ennå), selv om vi kan *mistenke* dem for å
> *ønske* å bryte bestemte elementære menneskerettigheter. Man kan da
> ikke straffes for noe man ikke har gjort?

Ingen er straffa hittil, og ser ein nærare på reaksjonen til
*EU-kommisjonen*, ser ein at det slett ikkje er snakk om å "straffe".
Kommisjonen er sjølvsagt klår over dei institusjonelle sidene ved denne
saka. Det finst diverre ingen europeisk konstitusjon enda, men kanskje
denne saka kjem til å setja fortgang i arbeidet med ein slik.

> Det er atskillig vanligere at høyresida dominerer EU-motstand enn at
> venstresida gjør det. Den rasistiske høyresida er EU-motstandere
> overalt. Den thatcheristiske høyresida i Storbritannia er innbitte
> EU-motstandere. Utenom Skandinavia er det langt vanligere å hevde at
> EU er et sosialistisk komplott enn at det er et kapitalistisk
> komplott.

Dette har du sjølvsagt heilt rett i. Kvar einaste gong eg har prøvd å
få fram dette aspektet har eg anten blitt overhøyrt, eller støytt på
ein mur.

> Det gjør livet vanskelig for anti-kapitalistiske
> EU-motstandere, ettersom mange automatisk identifiserer EU-motstand
> med høyresida.

Det finst ikkje så mange antikapitalistiske EU-motstandarar i Europa
(dvs. slike som vil ut av EU). Derimot aukar motstanden mot politikken
til EU-kommisjonen, og kampen for å endre dei europeiske institusjonane
grip om seg. Dette *antikapitalistiske* arbeidet har band til kampen mot
globaliseringa, og har gitt opphav til nye interessante organisasjonar
(t.d. ATTAC), og har gitt dei grøne partia eit visst oppsving. Problemet
med den norske EU-motstanden (og den norske "venstresida") er at dei
isolerer seg i høve til dette, og difor hamnar i ei slags bakevje.

Det finst ein mindre skeptisk fraksjon i denne rørsla. Ein av dei er
Daniel Cohn-Bendit som Karsten J. viste til i går. Han er
nærmast tilhengar av ein marknadsliberalistisk model, sjølv om dette kan
verke paradoksalt sett på bakgrunn av at han er utsending til
Europaparlamentet for eit grønt parti (ikkje for det tyske "Grünen"
lenger - han blei vald inn for det franske "Les Verts" i fjor haust).

Cohn-Bendit er ein populær, men kontroversiell politikar, og har
kanskje sjølv eit snev av populisme i seg. Han har rett når han seier
at hovudskytset må rettast mot dei konservative partia som fell for
freistinga til å "samarbeide" med ytre høgre. Men dette går no att i
pressekommentarane overalt i Europa. Ein er klinkande klår over at
Europa ikkje har så mykje å stilla opp, og at smittefaren er stor.
Tilsvarande situasjonar kan oppstå i ein akse frå Nord-Italia, Sveits,
Slovenia, Austerrike, Bayern, kanskje lenger nord i Tyskland, like til
Skandinavia.

Det ville vera underleg om "venstresida" (nok ein gong) tok
til orde mot tiltak som kanskje er utløyst meir av moralsk ingnasjon,
enn av politisk forståing. Om ein samstundes nyttar formalistiske
argument og overlet dei moralske "nyvinningane" til borgarlege
demokratar, har ein nok ein gong isolert seg.

For nokre veker sidan reiste dei store, svenske, borgarlege avisene ein
storm mot nynazismen. Det blei ikkje reagert særleg på dette i Noreg,
ikkje anna enn at det kanskje var litt på kanten å "henge ut
enkeltpersonar". Til og med på "venstresida" høyrde ein slike grynt...

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET