Re: Haider og EU (var: Re: kudrap i Ljungskile och Österrike)

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Wed Feb 02 2000 - 16:00:59 MET


Le mer, 02 fév 2000, Lars Staurset a écrit :

> > Är inte Heider något som kommer att bli allt vanligare inom EU?
> > En högerpopulist som driver kampen mot EU. Är detta möjligt?
> > Visst är det skumt!
>
> Heilt samd. Truleg vil presset frå EU skyve endå fleire østerrikarar i
> fanget på Haider og tilsvarande typar i andre land. For
> Haider-motstanden hadde det sannsynlegvis vore betre om medlemslanda og
> nesten-medlemslanda hadde markert avsky, både kvar for seg og samla, men
> ikkje gjennom EU.

Eg er ikkje så viss på det. Og det ville vera meiningslaust for
medlemsland i Europaunionen å agere kvar for seg, for den saks skuld
samla utanom unionen. Det ville vera mot naturen til denne unionen.

Anten ein likar det eller ei, finst det to fløyar i borgarskapet: Ein
som held seg på matta, og fylgjer konstitusjonelle og parlamentariske
spelereglar. Ein annan fløy som meir, eller mindre bryt og fjernar seg
frå desse reglane, bortsett frå når det passar dei av taktiske årsaker.
Denne demagogiske omgangen med det parlamentariske demokratiet er slett
ikkje ny i historia. Sjølv Hitler var lovleg vald i si tid, og nytta
altså eit parlamentarisk system til å koma seg til makta.

Arbeidet for eit sameint Europa i etterkrigstida er bygd på
negasjonen av det tredje riket, og det katastrofale resultatet av den
tyske ekspansjonismen.

Ein er ikkje nett der i dag. Haider er ikkje Hitler, sjølv om han har
rosa politikken hans. Men det som skjer i Austerrike (og nokre andre
land) minner om Hitler i byrjinga, og difor må ein prise seg lykkeleg
over den sterke reaksjonen frå fleire leiande EU-land. EU-instansane
har på si side tona ned trugsmåla om boikott ein tanke, kanskje fordi
det ville bli vanskeleg å gjennomføra han i praksis, i alle fall på
kort sikt. Det var ikkje EU-kommisjonen Haider skjelte ut, det var
dei franske og belgiske statsleiarane. Enda han no pyntar på det så
godt han kan, for at Klestil skal kunna seia "ja", står det franske
kravet fast: Ingen "business as usual", dersom partiet til Haider
kjem med i ei ny regjering!

I Aftonbladet står det i dag:
http://WWW.AFTONbladet.se/nyheter/0002/02/haider.html
  
"Professor Ove Bring, expert på folkrätt, tycker att det är bra om EU
tar i med hårdhandskarna.
- Det är bra att man testar nya principer i folkrätten. Det innebär
att positionerna flyttas fram och att man vågar sätta moralen främst.
Det skedde aldrig under det kalla kriget då det bara var realpolitik
som gällde. Men vad skulle sanktionerna innebära rent konkret?
- Ett Österrike med Haider i ledningen riskerar att hamna i samma
kategori som Khadaffis Libyen, eller Milosevics Jugoslavien.
Regeringen blir totalt isolerad. En pinsamhet utan like för Österrike.
Inget liknande har skett mot ett demokratiskt land i modern tid.
- Många trodde att Hitler skulle neutraliseras när han kom till makten
1933. Men det blev han som bekant inte. Då var det heller aldrig tal
om några sanktioner från omvärlden."

> Men her er det nok andre saker på dagsordenen. Er dette det høvet
> EU-sentralmakta har venta på til å markere at ho har "rett" til å
> overkjøre medlemslanda, og samstundes setje eit brunstempel på
> EU-motstanden?

EU-kommisjonen har ikkje venta på noko høve til å "overkøyre"
medlemslanda. Dette skjer kvar dag, sjølv om motstanden aukar, og
arbeidet for å demokratisera EU grip om seg. Den aktuelle stoda i
Austerrike har lite med dette å gjera, og det er ingenting som
tyder på at det finst nokon "løynd" dagsorden bak eventuelle
EU-sanksjonar mot Austerrike.

Sjølvsagt kan ein spekulere i dette, og det kan hende det om nokre veker
kjem "analysar" som freistar å få det til slik. ("Haider ved makta var
EU sitt verk"). Det er ei lukt av "Kosovo" her.

Dette med brunfargen i deler av EU-motstanden har eg vore inne på
tidlegare. Det er eit spørsmål som diverre altfor sjeldan kjem opp. For
enda om eg bur langt frå gamlelandet, ser eg dette brunskiret her og
der. Men de er heldige, for førebels er dei fleste norske
høgrepopulistane på den andre sida. Slå dykk ikkje til ro med dette -
det er ikkje sikkert det varer så lenge.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET