Fredeleg framandhat

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Tue Feb 01 2000 - 13:12:00 MET


Den austerrikske ambassadøren i Paris var nett i studio på France
Inter, og kom med oppsiktsvekkjande "nytt" om Haider og stoda i
Austerrike. Han hevda at sjølv om Haider i fortida hadde kome med nokre
framandfiendlege utsegner, høyrde dette fortida til. Haider er ikkeje
fascist, heller ikkje høgreekstrem. Fridomspartiet er no heller eit
venstreparti, etter som 46% av arbeidarane stemde på partiet ved siste
val. Berre 33 % stemde på Sosialistpartiet...

"Liberal" er den rette termen, meinte ambassadøren. Haider er ein flink
politikar som har klart å utnytte til fulle den stemninga som "diverre"
er oppstått ved at mange utlendingar er komne til Austerrike for å
søkja politisk asyl. Det finst derimot ikkje noko agressivt framandhat
i landet. Om det finst noko slikt, er det berre fredeleg redsle for det
som er nytt og framandt i Austerrike.

På spørsmål frå journalisten til France Inter om han kunne forstå at
det han sa er heilt uforståeleg og uakseptablt for eit overveldande
fleirtalet av franskmenn, stotra han litt, ...nja, men Austerrike er
eit stort demokratisk land, og Haider er demokratisk vald...osb.

Eg tømde i eit glas vin, og slo av radioen.

No ventar eg på resultatet av dei framtidige regjeringstingingane
mellom Høgre og Frp som Per-Kristian Foss la ut om i Bergen nyleg. For
det var nettopp slike konstellasjonar Haider såg for seg som framtidige
regjeringsalternativ i Europa. "Det er difor sosialistane i dei
europeiske landa skrik opp om oss", sa han.

Banaliseringa av desse kreftene er komen langt i fleire land, for dei
er berre "liberale", demokratisk valde, osb. Og kva er gale med å
innføre innvandringsstopp. Noreg har jo hatt det sidan 1975...

-------
Eg slo på radioen att, og fekk med meg forteljinga til to
fotografar som nett er komne attende etter to månader i Tsjetsjenia -
Eric Bouvet (Paris Match/Stern) og Laurent Van der Stockt (Gamma).
Bouvet reiset rundt utkledd som russisk soldat og ved hjelp av
"velviljen" til nokre russiske underoffiserar, klarte han å sleppe unna
etterretninga (ex-KGB) som visste at han var i området, og som jakta
intenst på han. Van der Stockt var på den andre sida, som han har vore
fleire gonger dei siste åra (eg kjenner han). Nokre av bileta deira stod
på trykk i Le Monde her om dagen. Det er soga om ein annan fascisme,
råare og med mindre atterhald, men når det kjem til stykket er det berre
snakk om gradsforskjellar i denne glorute forsamlinga av "liberale"
kjeltringar.

Oddmund Garvik
 
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:13 MET