Når data blir religion

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Mon Jan 31 2000 - 14:08:06 MET


Svære ord blir brukte. Datarevolusjon og IT-revolusjon. Dataalder om lag som
steinalder og jernalder. Dei største endringane i menneskeheita si historie
(altså større enn åkerbruk og husdyrhald, jernproduksjon og industriell
revolusjon). Vil snu opp ned på alt. Den som ikkje er med, blir hekta av
lasset. Venstresida må kaste alle krefter inn og sikre at alle skuleungar
får kvar sin PC og krevje datalinjer på alle skolar. Slik at me kjem i
forkant.

Me som har levd ei stund, har høyrt liknande ting før. Fjernsynet på
sekstitalet ville endre alt. Nokre år etterpå måtte den som skulle vere på
høgd, få seg kortbølgjeantenne og halde kontakt med radioamatørar i andre
land. For det var framtida. Så kom nærradioane, som ville knyte lokalsamfunn
og regionar saman på heilt andre måtar enn før. Så vart mangfald i eteren
det store med TV 2 og 3 og 4. Og parabolantenner der me får inn all verdas
kultur i våre eigne stover. Og no altså data og internett.

Visst har det forandra. Folkeradioen var til dømes noko av grunnlaget for at
den brutale demagogen Hitler vart vald til rikskanslar. Utan radioen hadde
truleg Tyskland fått meir aristokratiske og mindre vulgære – men ikkje
nødvendigvis mindre krigerske leiarar. I Marokko nokre år attende utsette ei
nomadestamme ørkenvandringa i ei veke for å få med seg ein episode av Dallas
eller Dynastiet eller kva det var. Folk som tenkjer seg om før dei svarar,
er utestengde frå rikspolitikken i fjernsynsalderen, og demokratiet er
snevra inn om lag som om me hadde fått attende representasjonsrett berre for
menn.

Men det endevenderikkje alt. Dei som pratar om datarevolusjonen, har
manglande kunnskapar anten om data i samfunnet eller om kva revolusjonar er
for noko. Difor nøyer dei seg òg med dei store orda. Går me det som skjer,
etter i saumane, ser me at det er ein evolusjon og ikkje eit kvalitativt
sprang eller ein revolusjon. Ei rekkje mindre endringar og over relativt
kort tid.

Men med dei store orda lykkast dei i å setje data og it i ei særstilling.
Bedrifter prøver å knipe på lønningar og driftsutgifter av alle slag, men
to-tre sektorar er unntak, data, it og direktørlønner. I all kommersen rundt
IT og data og nye media er det ei enkel lov eg ALDRI har sett diskutert.
Lova er slik: Til færre dataekspertar, til færre maskinar og mindre
programvare og til færre IT-konsulentar og mediefolk av alle slag ei bedrift
eller eit samfunn eller eit land kan greie seg med, til større
konkurranseevne vil det ha.

Sjølvsagt endrar data og IT samfunnsforhold. Og det er viktig at me på
nettet kan hente informasjon frå Tsjetsjenia og Chiapas og ikkje berre den
autoriserte frå russiske og meksikanske styresmakter. Det er viktig at me i
kommunar med små bibliotek kan hente inn stortingsmeldingar og lese Bangkok
Post og The Guardian. Men om me skal få perspektiv på endringane i samfunnet
som heilskap, kan det vere vel så viktig å sjå på kva det ikkje har endra
dei ti-femten åra me i vår del av verda har hatt omfattande databruk.

Har samfunnet vorte meir effektivt, slik at arbeidsoperasjonar blir borte og
arbeidstida kan reduserast? Lite tyder på det så langt. I datatida har
byråkratiet auka heller enn minka. Endåtil når det gjeld arbeidsoppgåver der
fordelane med databruk er tydelege, som i bankane etter at minibankar kom,
har talet på tilsette halde seg eller auka.

For det om det teknisk er enklare enn før å desentralisere produksjon, har
det i liten grad skjedd. Desse åra har i staden i vår del av verda vore ein
av periodane med mest hardhendt sentralisering. Sentraliseringskreftene er
altså langt sterkare enn det som måtte finnast av motkrefter i ny teknikk.

Har ei demokratisering funne stad? Tvert om blir stadig meir av makta flytt
frå lokalt og nasjonalt nivå og til dei internasjonale storselskapa og
organisasjonar dei har kontroll over.

Data og IT har altså så langt forandra produksjonsforholda relativt lite,
iallfall i positiv lei for vanlege folk. Den største endringa er kanskje at
data og IT har medverka til å flytte fokuset vekk frå vesentlege spørsmål
for menneskeheita. Frå klimaendringar og til pentium-prosessorar. Frå
tuberkulosenedkjemping og til bioteknologi. Det er det datautfordrande meir
enn det vesentlege som er stipend- og prisutløysande. Den andre endringa
gjeld folks daglegliv. Datamaskinen har vorte vår tids
underhaldningsapparat. Den nye jukeboksen med minst like standardisert
underhaldning som den gamle. Truleg er det også grunnlag for å hevde at data
har endra venstresida vesentleg. Medan politisk bevisste folk før var ute
blant folk, på kantinar og kafear, på møte og studieringar, sit stadig
fleire av oss no framfor PC- eller Mac-en. Somme kamuflerer det altså som
framtidsretta og revolusjonær politisk verksemd.

Data er for eit mindretal. Om me ser bort frå det enkle, å leggje kabal og
spele spel og skrive brev, er det slik at fleirtalet av verdas innbyggjarar
er og vil bli verande framandgjorde overfor data. Det har å gjere med pris,
med den treningstida som krevst for å bruke det på fornuftig vis og aller
mest med å bruke skrift som kommunikasjonsform. Denne framandgjeringa gjeld
sjølvsagt sterkare i den tredje verda enn i i-landa og sterkare i små
språksamfunn utan sterke skrifttradisjonar enn i store. Og om folk kjem
såpass langt at dei har råd til å kjøpe seg ein maskin, kople seg på nettet
og søkje, blir dei møtte av den enorme søppelfyllinga som nettet er. Som på
dei fleste søppelfyllingar finst ting av interesse, men det tek tid og krev
dugleik å leite dei fram. Dei som ikkje har den tida og dei evnene som
krevst, må nøye seg med det vanlege søppelet.

Men data knyter nye band mellom kapital og databrukar, og då er mykje
oppnådd for verdas overklasse. Dersom til dømes den såkalla norske
venstresida bruker tida si framfor skjermen og på eigne arbeidsrom heller
enn ute blant folk eller inne blant bøker med vesentlege bodskap som dei i
neste omgang kan føre vidare. Og dersom denne (tidlegare) venstresida
erstattar konkret analyse av produksjonsforhold og produktivkrefter med naiv
drøyming om teknologiske revolusjonar.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:13 MET