passord og elektrikarar

Trond Trosterud (trondt@barsek.hsf.no)
Mon, 24 Jun 1996 11:29:49 +0200

Deg sendte eit brev TIL DEN/DEI EG TRUDDE REDIGERTE DENNE LISTA, på to
linjer, som her følgjer in extenso:

>Eg ser Trond Andresen spekulerer på passord for lista, og forstår korfor.

>Viss de gjør det, send passordet til meg og. Eg følgjer debatten på web.

Den første av desse to linjene hamna på lista som ei støtteerklæring til
elektrikarane. Som de ser var dei ikkje meint som det, men som ein intern
beskjed.

Om passord:
Eg har sett korleis fleire lister har drukna i mengdar av stoff frå
sendekåte pratmakarar. Denne lista har eg ikkje studert grundig nok til å
seie noko som helst om, men det er altså fullt mogleg at også denne lista
kan drukne (i framtida, for nok ein gang ikkje å seie noko om dagens
innlegg). Derfor forstod eg Trond Andresen sitt framlegg.

Ei anna sak er at eg syns det er eit dårleg framlegg. Betre er det å gjøra
som t.d. Linguist List (jfr. http://www.emich.edu/~linguist/issues/html/ )
og ha nokon som les gjennom innlegga først. Dette ikkje for å sensurere
innhald, men for å hindre elektrikarsympatierklæringar av den typen eg no
har komme med, og for å stenge ut (framtidig potensielt) tøvprat. Så kan
alle lesa innlegga, alle sende inn innlegg, men ein redaksjon kan sile ut.

Om Trond Andresen har tid til det er eit anna spørsmål.

Trond T.

________________________________________________________________
Trond Trosterud email: trondt@barsek.hsf.no
Barentssekretariatet work: +47-7899-3758
P.O.Box 276, N-9901 Kirkenes fax: +47-7899-3225
Norway home: +47-7899-2243
________________________________________________________________