Re: Pressemeldingar fraa RV

Georg Arnestad (Georg.Arnestad@vf.hisf.no)
Tue, 04 Jun 1996 21:08:12 +0200

>Jeg har trodd, og tror fortsatt at det er mange som synes at det er fint å
>holde seg oppdatert på hva RV mener om dette og hint. Og siden Arnstad mener
>vi er i mot alt har han tydleigvis ikke lest pressemeldingene vi sender ut.
>Den som fikk han til å velte ut skylledunken, var en melding om at vi var
>_for_ selvbestemt abort fram til 18 uke.
>
>Men hvis det er flere som synes det er plagsomt å få vite hva RV mener vil
>vi selvsagt vurdere hva vi gjør, eller er Arnstad i en særstilling?
>
>Forøvrig er dette det første eksempelet og forsøket på sensur på KK-lista.
>Gratulerer! En pressemelding om saka kommer i morgen. :-)
>
> Torgny Hasås,
>pressemedarbeider RV

Kjære pressemedarbeidar i RV

For det første: Eg heiter ARNESTAD, ikkje ARNSTAD. Eg er heller ikkje medlem
av RV; og eg stemmer heller ikkje RV (lenger). Her i Sogndal og i Sogn og
Fjordane har det svært lite for seg. Rørsla ligg heilt nede....

Eg melde meg på dette forumet ut frå eit slags uklårt behov for å kunne
følgje med i og eventuelt delta i ein debatt spørsmål som folk eit stykke
ute på venstresida i norsk politikk er engasjerte i....her eg bur finst det
lita interesse for slik debatt ---

I ein slik samanheng synest eg at politiske proklamasjonar i form av
pressemeldingar ikkje har særleg interesse. Men det kan godt hende at mange
andre synest det motsette. Det veit eg lite om.... Å anklage meg for forsøk
på "sensur" er temmeleg grovt, og minner meg om debattknep som eg trudde vi
var ferdige med no. Eg har reist diskusjonen om vårt KK-debatt-forum er
plassen for politiske parti-proklamasjonar. Viss det å reise ein debatt er
sensur, ser det mørkt ut framover.

Når eg seier at "RV er i mot det meste....." så er det ut frå ei slags
forestilling om at RV no er litt meir stat og litt meir styring enn SV, og
ikkje noko marknad i det heile på noko felt ,,,,,,,,, altså slik SV er litt
meir stat og litt meir styring og mykje mindre marknad enn AP..... herregud
så "forutsigbar" politikk blir i eit slikt perspektiv......

Georg Arnestad
**************************************************************************
Georg Arnestad
Vestlandsforsking
postboks 163
N-5801 Sogndal

Tlf. (+ 47) 57 67 61 76 (direkte), (+ 47) 57 67 61 50 (resepsjon)
Fax (+47) 57 67 61 90

E-post: georg.arnestad@vf.hisf.no

***************************************************************************