Re: Bruntlands sin manglande årsaking?

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@post.skoleveien.telepost.no)
Thu, 16 May 1996 16:00:09 +0200

Torbjørn Lurås wrote:

>
> Statsministeren ville ikkje be dei som hadde blitt utsatt for
> "uloveleg overvaking" om årsaking. Dette fordi ein ikkje måtte vere
> for rask, ein måtte tenke seg nøye om.
>
> Ho var vel redd for at ho skulle komme til å gjere noko som kunne
> øydelegge for dekkoperasjonen som AP no har satt igang. Det er vel
> det ho meinte når ho dekkte seg bak at dette ville bli historisk
> og derfor måtte ein ikkje forhaste seg.
>

Eg trur ikkje det berre er kampen om historia, men i like stor grad kamp om
framtida. AP-leiinga meiner i røynda det var heilt på sin plass å nytte slike
metodar som Lund-kommisjonen skildrar i ein politisk kamp, og dei vil ikkje seie
noko i dag som vil gjere det vanskeleg å ta i bruk slike metodar seinare. Jagland
si omfemning av Håkon Lie på den store dagen hans,var ikkje berre gode ord på ein
åremålsdag, men eit uttrykk for politisk semje! Å ta avstand frå det som har
skjedd, kan gje motstandarane av medlemskap i Schengen gode argument. Schengen
gjer det mogleg å drive registrering og overvaking av folk, utan at det kan
kontrollerast av parlamentarikarar eller andre. AP sitt hovmod og
vi-veit-best-haldning kjenner som kjent ingen grenser.

>
> Så det vi er vitne til no, er kampen om historia. Kva for
> konklusjonar
> som skal trekkast av Lund-rapporten og kva for konklusjonar som vil
> bli ståande.
>
> Derfor er det viktig å slåss for at ein mest mogeleg riktig
> konklusjon bli ståande.

Det vert i alle fall ikkje mindre viktig med utgangspunktet eg har tatt her!

Magnar Jarle Olsen