Bruntlands sin manglande årsaking?

Torbjørn_Lurås (luraas@online.no)
Wed, 15 May 96 20:55:54 PDT

Statsministeren ville ikkje be dei som hadde blitt utsatt for
"uloveleg overvaking" om årsaking. Dette fordi ein ikkje måtte vere
for rask, ein måtte tenke seg nøye om.

Ho var vel redd for at ho skulle komme til å gjere noko som kunne
øydelegge for dekkoperasjonen som AP no har satt igang. Det er vel
det ho meinte når ho dekkte seg bak at dette ville bli historisk
og derfor måtte ein ikkje forhaste seg.
Så det vi er vitne til no, er kampen om historia. Kva for
konklusjonar
som skal trekkast av Lund-rapporten og kva for konklusjonar som vil
bli ståande.

Derfor er det viktig å slåss for at ein mest mogeleg riktig
konklusjon bli ståande.

Torbjørn Lurås