Erik Solheim og McCarthy

Torbjørn_Lurås (luraas@telepost.no)
Thu, 09 May 96 22:24:51 PDT

Såg på TV2 og debatten der mellom klokka 8 og 9 i kveld, torsdag.
Erik Solheims akseptering av overvakinga av kommunistar må bare bety
at han også aksepterer McCarthys overvaking.
Problemet for han var bare at denne overvakinga ikkje var i følge
instruksen og at det var eit samsøre mellom overvakinga og
Arbeidarpartiet. Det er rart at SV ikkje kvittar seg med ein slik
politikarar. Gustavsen står det respekt av i denne situasjonen.
Politisk overvaking er ikkje akseptabel i det heile tatt for han.

Torbjørn Lurås