NY BOK - Reklame ?

Georg Arnestad (Georg.Arnestad@vf.hisf.no)
Sat, 27 Apr 1996 15:58:38 +0200

Dette er kanskje på grensa....., men likevel.....

Som ei motvekt mot kulturjåleriet i PKK, kan interesserte eventuelt skaffe
seg Kulturårboka 1996.

Det er underteikna som redigerer boka - på,tredje året no. Tredje utgåve -
Kulturårboka 1996 - kom ut på Det Norske Samlaget for nokre få dagar
sidan...... Her er det bl.a. ein del vetugt stoff om kulturøkonomi, om
fattige (??) kunstnarar, biletkunstøkonomi,ein svært kritisk artikkel om
norsk teaterpolitikk, eit levande bilde av den vanskelege transformasjonen
av eit fiskevær til mogleg kunstsamfunn, mykje kulturstatistikk m.v. Boka
kan du eventuelt få kjøpt i bokhandelen....

Georg Arnestad